fredag 26. februar 2016

Veke 8

Hei alle saman!



Vekene flyr avgårde, februar månad er snart over, og vi nærmar oss påske. Vi er så smått byrja med litt påskeaktivitetar. Veret er veldig skiftande, vi har alle fire årstider i løpet av ei veke, forrige veke var prega av regnver og mykje vind, så onsdag vart blant anna ein innedag. Denne siste veka har veret snudd og sola komen attende, og då er det på med vinterdressen og ut å leike.











På Dinoskulen forrige veke jobba dei vidare med ro-ned strategien. Dei har også snakka om grøne og raude tankar og Dina var innom og viste Erteskjoldet sitt. Alle har eit usynleg skjold som dei kan ta fram dersom nokon seier noko ufint til deg (raud tanke) og at ein ikkje skal ta til seg desse tankane, men heller la dei prelle av deg. Dei grøne tankane derimot, dei er fine og ein skal ta dei til seg. 



Denne veka har dei byrja på nytt kapittel, det handlar om venskap, og det å vere ein god ven. Dette tema skal dei halde fram med til påske.





Fredag var det tid for årets karneval!!!
Vi starta festen med eit fysikkshow med den sprøe professor Katrine. Trur du ikkje ho klarte å få eit kokt egg ned i ei flaske!! Etterpå var det tid for disko, der vi hadde danseleiken og limbo, og til slutt var det tid for å slå på pinjataen. Den hadde små deilige pakkar med sjokoladekjeks inni seg. Nam! Til lunsj åt vi hot dogs med saft til.



Turen vår denne veka gjekk til Fjell Sjukeheim. Vi vart invitert bort for å leike i Sansehagen til dementavdelinga på sjukeheimen. Dette for å spre litt glede og farge i kvardagen til dei gamle. Dei vart veldig glade for at vi kom, og vinka til oss innifrå daglegstova. Vi hadde med oss fallskjermen og leika "Stor bølge, liten bølge" og vi leika "Fløy ein liten blåfugl", før vi fekk saft til å sløkkje tørsten med.Vi gjekk deretter attende til barnehagen for å ete hamburger til lunsj.

God helg!


Flåklypadamene :-)




fredag 12. februar 2016

Veke 6

Hei alle saman!

Vi har jobba oss godt inn i februar, og fagområdet denne månaden er "Etikk, religion og filosofi". Vi hadde i forrige veke, i samband med dette tema, "Same-veke," her i barnehagen. Samenes nasjonaldag, som er 6. februar markerte vi ved å ha samlingar der vi såg bilete og filmar frå samisk kultur, vi snakka om kor samane kjem ifrå, at dei har eit eige språk, at dei driv med reindrift og vi lærte oss å joike saman med sameguten Ante.


Vi sette opp lavvo og var på besøk til ei "samejente" som budde der. Ho fortalde oss historiar frå samisk kultur. Vi øva også på å kaste lasso på reinsdyr. Det var ivrige born som var flinke med lassoen. Til lunsj hadde vi også reinsdyrgryte, som falt i god smak på avdelingen.



På Dinoskulen forrige veke avslutta dei kapittelet om problemløysing, og har med seg vidare mange gode strategiar på korleis dei kan løyse konfliktar.
Det nye kapittelet dei no har starta på, Tyrannosaurus Rex, handlar om sinnemeistring. Dei har snakka om at ein kan seie STOPP! til seg sjølv, dersom ein får ein sint følelse når nokon seier noko dumt til deg. Dei kan vidare tenke seg om, trekkje pusten nokon gonger og klare å roe seg ned. Når ein er roleg, og har fått tenkje seg om, kan ein finne gode løysinger, som å snakka med ein vaksen, trekkje seg unna situasjonen og finne på noko anna eller seie ifrå til vedkommande som sa noko dumt, at ein ikkje likte det.
Dei har hatt besøk av Skilpadde, som har vist dei sin måte å roe seg ned på når han vert sint. Han stoppar opp, trekkjer seg inn i skalet sitt, pustar ned i magen og er roleg når han kjem ut av skalet. Borna har laga sine eigne skilpaddeskal av papirposar og øva seg på denne metoden. Dei opplever då at det gjer dei ein mykje bedre følelse å klare å roe seg ned og tenkje seg om, istaden for å bli sint og seie dumme ting eller ta igjen.



Vi har hatt samlingar der vi har filosofert over ulike ting, blant anna "Kvifor ser vi ikkje at jorda er rund"? "Kvifor endrar stemmen seg når vi held for nasen?" "Kvifor har vi flagg?" "Kvifor finnes det hestar, okser, kongar og elefantar?" Borna har sjølve komt med spørsmål og svar på dei, og resultatet har vi laga ein "Filosofi-plakat" av, som dykk kan finne på avdelinga vår. 

Vi kosar oss mykje ute på haugen i det flotte veret for tida,
og vil ynskje alle ei riktig fin og solfylt helg,
og alle mammaer ein fin, god morsdag!!!



Flåklypadamene :-)