fredag 29. april 2016

Veke 17

Heisann alle saman!


Det er fredag, helga står for tur og denne veka har flydd forbi på Flåklypa. Vi har hatt eit travelt og kjekt program, både med tur til Sotra Kino i anledning "Gullongane Barnehagefestival", dinoskule, bakedag,  russedåp for dinoborna og avslutning for Katrine.


Tysdag var endeleg dagen komen då vi skulle på kino og sjå "Alvin og gjengen i farta". Dette hadde vi gleda oss til i lang tid, og dagen stod til alle forventningar. Vi traska bort i flott solskin, møtte på mykje spennande undervegs og vart møtt på kinoen av kjekke vaksne som viste oss opp til eit fantastisk leikerom med hoppeslott, syklar og gøy musikk. Etter ei stund var det tid for å sjå film, og vi samla oss i kinosalen. Filmen var kjempegøy og morsom og alle sat fint frå start til slutt. Etter filmen var slutt sat vi oss ned ved eit langbord i øvste etasje for å ete lunsj. Vi hadde med oss smurte brødskiver i sekken og fekk saft og juice i kjekke beger av kinosjefen. Til dessert fekk vi skillingsbolle, det smaka veldig godt. Fornøgde og mette i magen gjekk vi attende til barnehagen, der leika vi ute i det flotte veret resten av dagen.








Onsdag hadde vi bakedag. Alle borna fekk baka sitt ostehorn saman med Maren, som dei skulle få ete til lunsj. Det var ivrige born som synes det var kjekt å bake sin eigen lunsj. Bra jobba!



På dinoskulen held dei framleis på å øva på gode manerer. Dei lærer seg å spørje fint og seie fine ting til andre ved hjelp av komplimentsirkelen. Dei øver på å seie takk når ein får låne noko av andre, men og å takle å få eit nei til svar. 






Torsdag var siste dagen Katrine var saman med oss på Flåklypa. Ho hadde tatt med seg utstyr som vi eksperimenterte med på haugen, blant anna blåste vi såpebobler. Det var kjempegøy, og alle blåste store bobler som for til værs.



Til lunsj åt vi skiver og drakk saft med sugerør. Etter lunsjen starta isfesten! Vi koste oss med deilig vanilje is med nonstop og sjokoladesaus på som Katrine hadde kjøpt til oss. Vi hadde ei kjekk stund saman, vi prata, lo, åt is og dela ut gåver. Katrine hadde kjøpt eit togbane sett til alle borna på Flåklypa, supergøy med nye tog!
Vi takkar for det fine samarbeidet med Katrine, vi vil kome til å sakne henne veldig mykje, og ynskjer henne lukka til i sin nye jobb!


Fredag var det tid for russedåp. Vi samla dinoborna på fellesrommet og hadde ei offisiell russedøyping. Alle fekk russehua si og vil framover jobba med å få russeknutar i hatten. Spennande!




Vi ynskjer alle ei riktig fin helg!


Flåklypadamene :-)

fredag 22. april 2016

Veke 16

Hei og hå!

Fredag og helg, veka har flydd som vanleg og vi har hatt ei fin veke, dagar med sol der vi har leika ute store delar av dagen, og regnversdagar der vi har lufta oss ute ei lita stund og elles hatt aktivitetar inne på avdelingen.
Vi har hatt musikksamling, teikna med kritt på asfalten, leika "Haien kommer", leika på haugen og vore på tur.


Dei har jobba vidare med tema "Høflighet og venlegheit" på Dinoskulen denne veka. Dei har hatt fokus på å skilje mellom det å få ein beskjed om noko og å kome med forslag til noko. Dei har snakka om at når ein får ein beskjed, så er det noko vi skal gjennomføre; "Vi skal... , medan når nokon kjem med eit forslag til noko, er det meir spørjande; "Kan vi...." Det er og viktig at alle får vere med å bestemme, at vi tenker på korleis vi kan samarbeide om ting, det handlar og om måten vi snakkar til kvarandre på, og at vi viser venlegheit mot kvarandre når vi leikar saman.
Alle borna skulle samarbeide om å byggje eit hus av legoklossar, der alle fekk kome med idear om korleis dei saman kunne byggje huset.


Sidan sola kom fram på onsdag, valde vi å gå bort på asfaltvegen ved parkeringen til barnehagen og teikne med kritt. Borna teikna ivrig flotte bilete i alle mulige fargar. Etterpå leika vi "Haien kommer" før vi gjekk attende til barnehagen. Dinoborna kom ut då dei var ferdig med skuleaktiviteten, og vi samla gjengen på benken og kosa oss med havregraut ute i det fri.



Turen gjekk denne gongen til leikeplassen i Grunnavågen. Der var det lenge sidan vi hadde vore og fleire av borna hadde eit ynskje om å leike der. Der kosa dei seg på dissene, i rutsjebana og i "Røvarhuset" som borna kallar leikehuset for. Vi hadde ferdigsmurte skiver og kakao med oss i sekken, noko som alltid er godt å ha med på tur.
 

Minnar om brukarundersøkinga som er ute no, hugs å signere på lista som heng i garderoben når du har svara, fristen er 1. mai. Du er då med i trekninga om ein gratis barnehage månad. Den avdelinga som får flest svar vil også vinne eit brettspel til borna. Så stå på!!!

Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene :-)


fredag 15. april 2016

Veke 15

Hei og hå!

Då er nok ein gong fredagen her, og helga står for tur. Ei litt kortere veke, men allikevel fyllt med mykje kjekk leik, inne og ute.

Tysdag varma sola flott, og vi tilbragte heile dagen utandørs. Vi hadde ostesmørbrød til lunsj, som vi åt ute på benken. Både små og store kosa seg på denne fine vårdagen.

Sidan planleggingsdagen falt på måndag, hadde dinogjengen skule onsdag og torsdag denne veka.
Dei har starta på nytt kapittel, det siste kapittelet for året, som handlar om høflighet og gode manerer. Dette har dei øva på ved å ta kvarandre i handa når dei presenterer seg sjølve, og ved å vise venlege auge og andlet, og ha ein venleg stemme i møte med nye mennesker. Slik høfleg opptreden vil gjere det lettare å skape nye venskap. Dette er veldig viktig med tanke på at dei snart skal byrje på skulen, der dei vil møte mange nye mennesker.
Vidare har dei snakka om korleis ein kan stille spørsmål når ein møter nye mennesker, slik at ein kan bli godt kjend med kvarandre. Borna kom med forslag til spørsmål, og dei fekk møte Pelle, ein ny karakter på Dinoskulen, som dei fekk øva på, for å bli kjend med han.




Dei øvrige borna gjekk på tur rundt i nærmiljøet på torsdag, saman med Tryllefløyten. På vegen oppdaga vi ein ny leikeplass med eit nytt og interessant klatrestativ, som vi garantert kjem til å besøke ved ein seinare anledning. Vi møtte også på to søte ender som slo følge med oss store delar av turen. Dette synes borna var kjempemorsomt og spennande.
Vi returnerte til barnehagen for å ete lunsj, og så var det ut att for å leike.


Vi vil også ynskje Maren velkomen til oss. Ho har vore saman med oss i to veker allereie, og skal halde fram på Flåklypa til hausten. Ho er 25 år, 2. års lærling i Barne- og Ungdomsarbeiderfaget, og ei blid og flink jente som vi er glade for å ha med oss på avdelingen.

Vi ynskjer alle ei riktig god helg!


Flåklypa damene :-)


fredag 1. april 2016

Veke 13

Hei alle saman!


Vel overstått påske, vi vonar alle har hatt ei fin påskehelg, sjølv om veret ikkje har vist seg frå si beste side.

Denne veka har vore roleg, det er vinterferie og vi har hatt ei mindre barnegruppe på Flåklypa.

Vi har hatt litt samlingar, leika inne og ute, og vore på tur.





Månadens fagområde er "Helse, kropp og røyrsle" og samlingane framover kjem til å innehalde songleikar og anna fysisk aktivitet.

Det går mot vår og lysare tider, og vi skal nytte tida både inne og ute til å halde oss i bevegelse.

Månadens teikn er frukt og dyr.

Onsdag var vi på tur til Foldnes skule saman med Soria Moria og leika på det nye leikeapparatet dei har fått der. Der kunne ein klatre, rutsje, henge og balansere, det var kjempekjekt!
Vi hadde med oss heimebaka rundstykker med mykje godt pålegg i sekken, og åt lunsj ute i det fri. Sola stod høgt på blå himmel, og vi tilbragte resten av dagen ute på haugen.





Fredag er siste dagen til Joanne. Vi skal lage surmjølkslappar til frukt idag, og kose oss ekstra mykje på denne dagen.
Vi takkar for den tida vi har hatt saman med Joanne, og ynskjer ho lukka til vidare med sitt arbeid.





Minner om at Dinoskulen startar opp igjen på måndag, fint om alle hugsar å ta med lekseboka si.



På måndag får vi også med oss ei ny jente på avdelingen, ho heiter Maren og er 2. års lærling i Barne- og Ungdomsarbeidar faget. Siren skal vere hennar rettleiar og ho skal vere saman med oss fram til hausten. Vi gler oss til å ta imot henne.



God helg frå oss på Flåklypa!