onsdag 30. januar 2019

Veke 5

Hei alle foreldre!

Vekene flyr avgårde og her på Flåklypa fyller vi dagene med mykje sang og musikk. Vi har byrja å dekorere avdelingen til eit «musikkrom», med både noter og bilder av ulike musikkinstrument på veggane. Vi speler mykje tromme i samlingene, og barna viser stor musikkglede. De byrjer å bli gode på å tromme etterkvart og.


  

  
 



 


 




Turen forrige veke gjekk til Indianerskogen for dinogjengen, der aka og klatra dei i den flotte skogen.  Dei mindre barna gjekk saman med Tryllefløyten til ein akebakke i nærleiken, der vi aka på rumpeakebrett saman. Lunsjen åt vi i Amfiet, før vi gjekk tilbake til barnehage og leika ute resten av dagen.




 


Sidan snøen har blitt liggende ei stund, har vi tilbragt mykje tid utandørs. Vi har aka på haugen, og i Amfiet, vi har laga snømann og snøengler, og hatt fine vinterdager ute.



Ha ei fin helg!

Helsing Flåklypadamene




onsdag 16. januar 2019

Veke 3

Hei alle foreldre!

Godt Nyttår til alle.

Her på Flåklypa er vi godt igang med våre daglige gjøremål. Vi har leikegrupper, turar i nærområdet, Dinoskule og Dinogruppe. Tema i gruppene framover vil bli musikk og musikkinstrument. Vi har kjekke samlinger der vi syng flotte sanger, med og uten instrument, etterkvart skal vi òg lage våre eigne instrument.


  


 



Sist veke gjekk førskuleborna på tur til leikeplassen ved Foldnes skule, hadde ei fin leikestund, før dei gjekk tilbake til barnehagen og åt lunsj. Resten av gjengen var på tur i skogen langs Kyrkjevegen, der vi klatra og utforska i busker og kratt, før vi fann ein tørr plass under eit tre der vi åt lunsj. 🌳

Fredager har vi musikksamling saman med Tyrihans, der syng vi songar, speler instrument og beveger oss til musikk. 🎼🎸🥁

Vi har denne veka hatt nokre få dagar med litt snø, då var det berre å hive seg i akebakken, til stor glede for små og store. ❄️☀️



Ha ei fin veke.

Helsing Flåklypadamene 😊