onsdag 28. september 2016

Veke 38 og 39

Heisann alle saman!

I forrige veke var det oppstart på Dinoskulen og Dino gruppene, og ventetida var endeleg omme.
Det er veldig spennande å få møte Dina og dei andre karakterane, og borna var ivrige etter å kome igang. Onsdag fekk dei sine fyrste leksebøker, og det sat nok mange flinke barn heime med lekser denne dagen.

Dino gruppene vil dykk få meir info om i eige skriv.

Turen forrige veke gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Der leika vi politi og røver, og leikehuset fungerte som fengsel. Det vart eit vanskeleg oppdrag for stakkars Herr Politi, då "fangane" stadig vekk røymde. Ei anna gruppe leika "alle mine barn kom heim" og nokre valde å disse og rutsje på den store rutsjebana.
Til lunsj hadde vi med oss melk og brødmat som vi åt ute på leikeplassen, før vi gjekk attende til barnehagen. På vegen såg vi etter haust teikn i naturen.


"Alle mine barn kom heim"

Det er kjekt å disse.

Eit haust teikn er at blada er blitt brune/gule.


Elles har vi hatt grupper, vi har spela "Hei" som er eit følelsespel, vi har baka grove rundstykker og vi har måla hausttre.


Vi har og våre daglege samlingar der vi syng og velg dagens hjelpar, noko som er blitt så kjekt at den som blir vald jublar av glede :-)

Våte dagar den siste tida fører til våte barn, så det bør fyllast på med bytteklede i kassane.
Regnklede bør takast med heim til helga for ein vask.

Ha ein fin dag!


Flåklypadamene og Simen :-)








fredag 16. september 2016

Veke 37

Hei alle saman!


God fredag, det nærmar seg helg, og vi har som vanleg hatt ei innhaldsrik og fin veke på Flåklypa, med daglege samlingar, grupper, tur og mykje uteleik i det fantastiske haustveret.

På gruppedagen denne gongen valde vi å ha alle borna med inn på fellesrommet og prøve ut ein ny aktivitet, å gjere bevegelser til klassisk musikk. Vi lytta til musikken og prøvde å tolka bevegelsane utifrå det vi høyrde, t.d. mørke lydar vart ein elefant som traska rundt, og når musikken vart roleg så lista vi oss stille på tå. Det var ein kjekk aktivitet, vi vart god og varm, og etterpå gjekk vi ut for å lufte oss og ete lunsj. 

På turdagen gjekk vi ned til fjøra på Foldnes, der vassa vi uti sjøen, samla mange flotte skjell, såg fiskar symje rundt beina våre og nokre valde å gå litt lenger uti og enda opp med å ta seg ein dukkert, rett og slett. Vatnet var litt kaldt med det same, men dei fleste var uti ein tur. Vi hadde med oss litt bøtter til å samle skjella oppi, og ein hov som vi prøvde å fange fisk med.
Inger Ann varma fiskekaker til oss på stormkjøkkenet, og vi åt lunsj nedi vannkanten før vi gjekk attende til barnehagen. Der kosa vi oss ute i finveret resten av dagen.




Minner om at på mandag starter Dinoskulen og Dinogruppene. Dette gler vi oss mykje til, vi har hatt nedteljing dei siste vekene, og no er dagen endeleg nær.

Vi takkar for veka som er gått og ynskjer alle ei god og solrik helg, håpar vi! ;-)


Flåklypadamene og Simen




fredag 9. september 2016

Veke 36

Heisann!!

Nok ei helg står for døra, veka har flydd forbi, og vi har hatt fine dagar på Flåklypa.
Veret er veldig skiftande om dagen, og vi skiftar på å vere ute nesten heile dagen og å vere ute ei lita stund for å trekkje litt frisk luft.

Tirsdag hadde Markus bursdag, då vart han 5 år og vi feira med bursdagssamling.
HURRA for Markus!

Etter samlinga hadde vi grupper, der nokre spela brettspelet "Hei!" som handlar om å setje ord på tankar og kjensler, medan ei gruppe var med å laga ostesmørbrød til lunsj og den tredje gruppa var på fellesrommet og hadde songleikar.

Onsdag hadde Simen ei oppgåve han skulle gjennomføre med 6 av borna på avdelinga. Vi gjekk på fellesrommet, der Simen laga til ei hinderløype. Borna var ivrige med å kome i gang, og hadde ei kjekk stund saman. Undervegs kom det spørsmål frå eit av borna om vi kunne leike "stol leiken", alle var med på ideen, så vi avslutta økta med 2 rundar med "stol leiken". Kjempe moro!!!


Resten av bornagruppa var på avdelinga og fingermåla flotte bilete. Det var fasinerande og spennande å kunne smørje måling utover med bere fingrane. Resultatet vart nokre flotte kunstverk!


Torsdag var det klart for tur, og vi gjekk til gapahukene langs Kyrkjevegen. Der kosa vi oss i det nydelige veret, nokon dissa, medan andre utforska skogen og alt den har å by på. I sekken hadde vi med oss polarbrød og kakao. Tross den varme temperaturen, gjekk kakaoen ned på høgkant.




Fredag vart Sander 3 år og vi hadde ei bursdagssamling for han på formiddagen.
HURRA for Sander!


Vi takker for veka som er gått og ynskjer alle ei fin helg!


Flåklypadamene og Simen :-)   


fredag 2. september 2016

Veke 35

Hei alle saman!

Då er fredagen komen, det nærmar seg helg og vi har hatt ei kjekk veke på Flåklypa.
Vi har leika inne og ute på haugen, vi har hatt samlingar og gått tur.

I forrige veke byrja Lars Sigurd 4 år hos oss og denne veka byrja Saga 2 år, Haben 5 år og hennar lillebror Essey 3 år hos oss. Dei har allereie funne seg til rette i bornagruppa og vi er glade for å bli kjende med dei. Velkomen til oss.

Vi er så smått komen igang med vår kvardag, vi startar dagen med samling, der vi syng, fortel eventyr/les bok, trekkjer dagens hjelpar som får i oppgåve å gjere klar klestavla og har hjelpeoppgåver til lunsj og fruktmåltida. Vi går turar og vi har frileik inne og ute. Både born og vaksne byrjar å bli kjende med kvarandre.

Forrige veke gjekk turen til Gapahuken langs Kyrkjevegen. Der kosa vi oss med kjekk leik i skogen.
Vi hadde brødskiver med i sekken og åt lunsj ute i det fri, før vi gjekk attende til barnehagen.


Denne veka gjekk vi til leikeplassen i boligfeltet i nærleiken av barnehagen. Der spela nokre av oss fotballkamp, Liverpool mot United, resultatet er det ingen som hugsa, men det vart scora ei heil rekkje måååål... Bra innsats av born og vaksne!
Andre valde å disse og nokre fann fleire sneglar med hus på ryggen, som dei synes var spanande å halde. Etter mykje fin leik, åt vi lunsj på leikeplassen før vi gjekk attende til barnehagen. Der var dei i full gang med å asfaltere uteplassen vår, så vi gjekk opp på haugen og fekk god oversikt over arbeidet.




Vi takkar for veka som er gått og ynskjer alle ei riktig god helg!


Flåklypadamene og Simen :-)