fredag 29. mai 2015

Veke 22

Hei alle saman!

Då var ei barnehageveke atter slutt, og vi har hatt nok ei kjekk veke saman med borna dykkar her på Flåklypa. Vi har hatt grupper, gått tur, blitt fotografert og hatt gøye samlinger.

Historien om "Når snøen fekk farge" er ei fin forteljing om det å dele og vere gode og snille med kvarandre. I samling denne veka dramatiserte vi dette eventyret, og borna er som alltid kjempe interesserte og fasinerte når vi fortel eventyr.



I gruppene jobba nokre vidare med konglesauene, dei fekk ull på kroppen og auger og bein, medan ei gruppe laga deilige ostesmørbrød til lunsj. Den tredje gruppa hadde lesestund og teikning.



Onsdag gjekk vi tur til Grunnavågen. Der leika vi "Dinosauren kommer" og dissa og rutsja på favoritt leikeplassen vår. Til lunsj laga Kim Andre deilig tomatsuppe med makaroni og brødskiver til, noko som er ein sukssess blant Flåklypa borna.





Torsdag var det fotografering, og alle kom litt ekstra pynta og flotte i barnehagen denne dagen. Fotografen var kjempemorsom, og fekk alle borna til å le og smile sine flottaste smil på bileta. Det er berre å glede seg til flotte bilder i heimen. For ein flott og flink gjeng vi har!!!

Vi ynskjer alle ei riktig god helg!


Flåklypadamene og Kim Andre

fredag 22. mai 2015

Veke 21

Hei folkens!

Helga står for døra og vi har hatt ei travel og kjekk veke her på Flåklypa. Vi har hatt grupper, tur i nærområdet, samlinger og Dinoavslutning.

På gruppedagen delte vi oss inn i 4 grupper denne gongen. Ei gruppe limte ull på konglesauene til bondegården vår, ei gruppe laga lunsj, ei baka cookies til Dino avslutninga og ei gruppe hadde leik saman med Kim Andre.

Vi har hatt samling der vi har eksperimentert med vatn og luft, og denne veka var det såpebobler som skulle prøvast ut. Katrine demonstrerte korleis vi måtte bruke luft for å blåse boblene og etterpå fekk alle borna prøve. Kjempegøy!


Vi gjekk ein "gåtur" i nærområdet, bort til Foldnes skule og gjennom boligområdet like ved. Vi såg mange fine hus og hagar på vegen, og gjekk deretter tilbake til barnehagen og åt lunsj.


Torsdag var det duka for Dino avslutningsfesten. Borna har øvd i fleire veker, og både gleda seg og kjent litt på sommarfuglane i magen, før dei skulle framføra programmet for foreldra. Det vart ein flott fest med flinke born, stolte foreldre og Dino lærarar. Alle borna fekk utdelt kvar sin diplom for deltakelse på Dinoskulen dette året.
Etter framføringa vart det servering av hot dog, Dina kake, frukt og cookies, og born og foreldre kosa seg med hyggelig samvær.


Vi har denne veka starta opp med eit belønningssystem på avdelinga.Vi har saman med borna laga nokre regler for korleis vi vil ha det rundt bordet ved måltid, og ved å følge reglane kan bordet som ei gruppe oppnå eit klistremerke kvar dag. Ved 5 oppnådde klistremerker, kan gruppa velge mellom 2 premiar. Dette har fungert veldig bra, og det har blitt roligare og koseligare rundt borda ved måltida. Dette vil vi jobbe vidare med og lage nye reglar i tilknytning til ulike rutinesituasjonar på avelingen i vekene framover.



Husk at barnehagen er stengd på mandag, 2.pinsedag!

Vi ynskjer alle ei fin og koselig pinsehelg :-)


Flåklypadamene og Kim Andre







onsdag 13. mai 2015

Veke 20

Hei alle saman!

Ei kort barnehageveke er slutt, då barnehagen er stengt torsdag og fredag denne veka.

Høgdepunktet har vert maifesten vi hadde igår. Vi gjekk i tog i nærområde rundt barnehagen, med hurra rop og flott 17.mai stemning. Avdelingane hadde laga sine eigne faner og gjekk avgårde med pomp og prakt. Siren stod for korpsmusikken og spelte flotte 17.mai marsjer på althornet, og brått møtte vi jammen på Kongen sjølv.


Etterpå var det dagens tale, den blei holdt av Monika sjef nede i Amfiet, og vi avslutta med songar som "Alle fugler", "Jeg gikk en tur på stien" og sjølvsagt nasjonalsongen "Ja, vi elsker".


Så var det tid for aktiviteter; svampe kasting, der Kim Andre og Daniel var blinkene. Kjempegøy!!!! Borna gjorde ein hederlig innsats, og det blei mykje latter og moro :-)



Til lunsj laga vi pølsebod inne på avdelingen og alle borna stod fint i pølsekø, og vi fekk god saft til drikke. Som "premie" for svampekastingen fekk alle is etter lunsj, kjempegodt.... og som avslutning på denne festdagen, laga vi til "kino" på grupperommet, og då er det jo sjølvsagt med popcorn....eller ka?



God 17. mai til alle, frå oss på Flåklypa, HIPP, HIPP, HURRA!!!!
   



 

fredag 8. mai 2015

Veke 19

Hei alle saman!

Det er fredag og snart helg, og veka på Flåklypa har flydd forbi. Forrige torsdag var det russedåp, så rosarussen er i full gang med "feiringa" og samling av russeknuter.




På gruppedagen bakte vi deilige grove rundstykker til lunsj, og vi farga det norske flagget til å pynte med på avdelingen, det er jo snart 17.Mai.




Torsdagen var sett av til besøk på Foldnes skule. Dei som skal byrje der til hausten, fekk helse på SFO personale. Det var eit flott møte, vi fekk teikne dinosaurar og og sjå korleis dei hadde det der.


På Dinoskulen har dei no avslutta det siste kapittelet, og er frå neste veke klare til å repetere og byrje forberedingane til den store Dinoavslutninga den 21. mai. 
Dei har denne veka øvd på å lytte. Korleis er vi ein god lyttar? Vi må følge med og sjå på den som gir ein beskjed, vi må vere stille og høyre godt etter, så får vi med oss kva som vert sagt. 
Dei har og øvd på å akseptere eit nei til svar, det å kanskje måtte vente litt før ein får låne noko eller får vere med i leiken, eller at nokon seier nei til ein invitasjon til leik. 

Vi ynskjer alle ei flott maihelg!

Flåklypadamene og Kim Andre