tirsdag 29. november 2016

Veke 44,45,46 og 47

Hei, hei!

I byrjinga av november hadde vi venskapsveke her i barnehagen. Då hadde vi ekstra fokus på kva det vil seie å vere ein god ven, og at vi seier fine ting og gjer gode handlingar mot venane våre. Vi hadde samlingar der vi las bøker om vener, song songar, laga handavtrykk og venskapsarmband.




No er adventstida komen, og vi har pynta med stjerne og lys på avdelinga. Vi startar opp med adventsamlingar, der vi les ei juleforteljing, tenner adventslys, syng julesongar og teljer ned dagar til jul.
Vi har baka peparkakehjarter som vi skal henge opp på avdelinga, det blir vår adventskalendar, vi trekkjer eit namn kvar dag som får peparkakehjarte sitt med heim. Dette gler vi oss veldig til, og borna er veldig spende. 
Vi er og godt igong med årets julegåve til heimen, men den er jo sjølvsagt hemmeleg.





Vi ynskjer alle ei fin adventstid!




Flåklypadamene og Simen

fredag 28. oktober 2016

Veke 43

Hei på deg!

Då var fredagen her og vi går mot helg.

Høgdepunktet denne veka har nok vore FORUT basaren, og vi har jobba iherdig inn i siste fase av vårt FORUT prosjekt. Vi har øva mykje på Nepal songen, vi har ete ris med skinke på ekte Nepalsk vis, vi har flydd til Nepal, vi har møtt på Yeti, vi har pynta til basaren, vi har laga avdelingane om til kafe og kakebod og loddbod, og vi har lodda ut mange flotte gevinstar. 
Potten skal vi sende avgåde til våre venner i Nepal.



Vi et lunsj medan vi sit på golvet, og vi et med nevane.


Vil nytte anledninga til å takke for alle dei flotte premiane og bakarverk vi fekk til basaren, og samtidig takke for frammøte. 

På Dinoskulen har dei byrja på nytt kapittel, som handlar om kjensler. Borna skal få kjennskap til ulike typar kjensler, og snakkar om korleis det kjennes inni kroppen vår når vi opplever triste eller glade kjensler.


Turen vår denne gongen gjekk til haugen, der vi gjekk på Yeti jakt. Borna var spente på om han dukka opp, og jammen fann vi han inni buskane. Til lunsj var det både svoltne og tøyrste born som samla seg på benken oppå haugen, for å ete lunsj uti det fri.


Vi ynskjer alle ei flott helg!


Flåklypadamene og Simen :-)





fredag 21. oktober 2016

Veke 40, 41 og 42

Hei og hå!

Dei siste vekene har vi vore på mange flotte turar, vi har FORUT samlingar, Dinoskule og mykje kjekk leik inne og ute.

Det fantastisk fine haustveret har gitt oss mange flotte utedagar. Formiddagen har vi brukt til samling og Dinoskule, medan ettermiddagane blir tilbragt utandørs.

På Dinoskulen jobbar dei framleis med å lære seg reglar og kvifor det er viktig å ha reglar som ein skal følgje. Dei jobbar med ulike aktiviteter der dei får øva seg på å lytte til og følgje beskjedar. 



Turane våre har gått til ulike leikeplassar og skogsturar i nærområdet. Vi har vore i Indianarskogen, og ved gapahuken langs Kyrkjevegen. I sekken har vi hatt med oss grill og pølser og
brødskjever og kakao.


Leikeplassen med det spennandes klatretårnet!

Yeti gøymsel i skogen...

Monki er med!

I oktober månad starta prosjektet FORUT her i barnehagen. Vi skal bli betre kjend med barn i Nepal, korleis dei lever, kva dei liker å leike, korleis husa deira ser ut og kva mat dei et. Vi les forteljingar og ser på bilete, ser filmar og høyrer på songar. På avdelinga heng det og flotte teikningar borna har laga utifrå det dei har sett og høyrd i samlingane.
Vi har fått besøk av apa Monki, som har komen heilt frå Nepal for å vere saman med oss denne månaden, han er med oss på tur, til måltid og i leik.


Til lunsj har vi smaka på ulike rettar som linsesuppe m/ris og ris med skinke og grønsaker, noko dei et mykje av i Nepal.


Vi ynskjer alle ei trivelig helg!

Flåklypadamene og Simen :-)

onsdag 28. september 2016

Veke 38 og 39

Heisann alle saman!

I forrige veke var det oppstart på Dinoskulen og Dino gruppene, og ventetida var endeleg omme.
Det er veldig spennande å få møte Dina og dei andre karakterane, og borna var ivrige etter å kome igang. Onsdag fekk dei sine fyrste leksebøker, og det sat nok mange flinke barn heime med lekser denne dagen.

Dino gruppene vil dykk få meir info om i eige skriv.

Turen forrige veke gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Der leika vi politi og røver, og leikehuset fungerte som fengsel. Det vart eit vanskeleg oppdrag for stakkars Herr Politi, då "fangane" stadig vekk røymde. Ei anna gruppe leika "alle mine barn kom heim" og nokre valde å disse og rutsje på den store rutsjebana.
Til lunsj hadde vi med oss melk og brødmat som vi åt ute på leikeplassen, før vi gjekk attende til barnehagen. På vegen såg vi etter haust teikn i naturen.


"Alle mine barn kom heim"

Det er kjekt å disse.

Eit haust teikn er at blada er blitt brune/gule.


Elles har vi hatt grupper, vi har spela "Hei" som er eit følelsespel, vi har baka grove rundstykker og vi har måla hausttre.


Vi har og våre daglege samlingar der vi syng og velg dagens hjelpar, noko som er blitt så kjekt at den som blir vald jublar av glede :-)

Våte dagar den siste tida fører til våte barn, så det bør fyllast på med bytteklede i kassane.
Regnklede bør takast med heim til helga for ein vask.

Ha ein fin dag!


Flåklypadamene og Simen :-)








fredag 16. september 2016

Veke 37

Hei alle saman!


God fredag, det nærmar seg helg, og vi har som vanleg hatt ei innhaldsrik og fin veke på Flåklypa, med daglege samlingar, grupper, tur og mykje uteleik i det fantastiske haustveret.

På gruppedagen denne gongen valde vi å ha alle borna med inn på fellesrommet og prøve ut ein ny aktivitet, å gjere bevegelser til klassisk musikk. Vi lytta til musikken og prøvde å tolka bevegelsane utifrå det vi høyrde, t.d. mørke lydar vart ein elefant som traska rundt, og når musikken vart roleg så lista vi oss stille på tå. Det var ein kjekk aktivitet, vi vart god og varm, og etterpå gjekk vi ut for å lufte oss og ete lunsj. 

På turdagen gjekk vi ned til fjøra på Foldnes, der vassa vi uti sjøen, samla mange flotte skjell, såg fiskar symje rundt beina våre og nokre valde å gå litt lenger uti og enda opp med å ta seg ein dukkert, rett og slett. Vatnet var litt kaldt med det same, men dei fleste var uti ein tur. Vi hadde med oss litt bøtter til å samle skjella oppi, og ein hov som vi prøvde å fange fisk med.
Inger Ann varma fiskekaker til oss på stormkjøkkenet, og vi åt lunsj nedi vannkanten før vi gjekk attende til barnehagen. Der kosa vi oss ute i finveret resten av dagen.




Minner om at på mandag starter Dinoskulen og Dinogruppene. Dette gler vi oss mykje til, vi har hatt nedteljing dei siste vekene, og no er dagen endeleg nær.

Vi takkar for veka som er gått og ynskjer alle ei god og solrik helg, håpar vi! ;-)


Flåklypadamene og Simen




fredag 9. september 2016

Veke 36

Heisann!!

Nok ei helg står for døra, veka har flydd forbi, og vi har hatt fine dagar på Flåklypa.
Veret er veldig skiftande om dagen, og vi skiftar på å vere ute nesten heile dagen og å vere ute ei lita stund for å trekkje litt frisk luft.

Tirsdag hadde Markus bursdag, då vart han 5 år og vi feira med bursdagssamling.
HURRA for Markus!

Etter samlinga hadde vi grupper, der nokre spela brettspelet "Hei!" som handlar om å setje ord på tankar og kjensler, medan ei gruppe var med å laga ostesmørbrød til lunsj og den tredje gruppa var på fellesrommet og hadde songleikar.

Onsdag hadde Simen ei oppgåve han skulle gjennomføre med 6 av borna på avdelinga. Vi gjekk på fellesrommet, der Simen laga til ei hinderløype. Borna var ivrige med å kome i gang, og hadde ei kjekk stund saman. Undervegs kom det spørsmål frå eit av borna om vi kunne leike "stol leiken", alle var med på ideen, så vi avslutta økta med 2 rundar med "stol leiken". Kjempe moro!!!


Resten av bornagruppa var på avdelinga og fingermåla flotte bilete. Det var fasinerande og spennande å kunne smørje måling utover med bere fingrane. Resultatet vart nokre flotte kunstverk!


Torsdag var det klart for tur, og vi gjekk til gapahukene langs Kyrkjevegen. Der kosa vi oss i det nydelige veret, nokon dissa, medan andre utforska skogen og alt den har å by på. I sekken hadde vi med oss polarbrød og kakao. Tross den varme temperaturen, gjekk kakaoen ned på høgkant.




Fredag vart Sander 3 år og vi hadde ei bursdagssamling for han på formiddagen.
HURRA for Sander!


Vi takker for veka som er gått og ynskjer alle ei fin helg!


Flåklypadamene og Simen :-)   


fredag 2. september 2016

Veke 35

Hei alle saman!

Då er fredagen komen, det nærmar seg helg og vi har hatt ei kjekk veke på Flåklypa.
Vi har leika inne og ute på haugen, vi har hatt samlingar og gått tur.

I forrige veke byrja Lars Sigurd 4 år hos oss og denne veka byrja Saga 2 år, Haben 5 år og hennar lillebror Essey 3 år hos oss. Dei har allereie funne seg til rette i bornagruppa og vi er glade for å bli kjende med dei. Velkomen til oss.

Vi er så smått komen igang med vår kvardag, vi startar dagen med samling, der vi syng, fortel eventyr/les bok, trekkjer dagens hjelpar som får i oppgåve å gjere klar klestavla og har hjelpeoppgåver til lunsj og fruktmåltida. Vi går turar og vi har frileik inne og ute. Både born og vaksne byrjar å bli kjende med kvarandre.

Forrige veke gjekk turen til Gapahuken langs Kyrkjevegen. Der kosa vi oss med kjekk leik i skogen.
Vi hadde brødskiver med i sekken og åt lunsj ute i det fri, før vi gjekk attende til barnehagen.


Denne veka gjekk vi til leikeplassen i boligfeltet i nærleiken av barnehagen. Der spela nokre av oss fotballkamp, Liverpool mot United, resultatet er det ingen som hugsa, men det vart scora ei heil rekkje måååål... Bra innsats av born og vaksne!
Andre valde å disse og nokre fann fleire sneglar med hus på ryggen, som dei synes var spanande å halde. Etter mykje fin leik, åt vi lunsj på leikeplassen før vi gjekk attende til barnehagen. Der var dei i full gang med å asfaltere uteplassen vår, så vi gjekk opp på haugen og fekk god oversikt over arbeidet.




Vi takkar for veka som er gått og ynskjer alle ei riktig god helg!


Flåklypadamene og Simen :-)



fredag 19. august 2016

Veke 33

Heisann alle saman!

Då er vi i gang med eit nytt barnehageår, og vi gler oss til å vere saman med gamle og nye bekjendskap. Vi ser fram til eit spanande og innhaldsrikt år saman. Vonar alle har hatt ein fin sumarferie, og er klare for nye utfordringar.

Vi har fått to nye born på avdelinga, Felix 2 år og Aria 2 år, byrja sist mandag. Dei har blitt godt teken imot av små og store, og ser ut til å ha funne seg godt til rette i gruppa allereie.
Vi ynskjer dei velkomen til oss! 

Det er også to nye vaksne hos oss i år, Margit Johanne, pedagogisk leiar og Simen, lærlingen vår. Han skal vere saman med oss fram til jul. Vi gler oss til å bli kjend med dei og til godt samarbeid.
Vi ynskjer dei begge velkomen til oss! 

Margit Johanne, pedagogisk leiar

Simen, lærling



Vi har vore på tur til gapahukene både forrige veke og denne veka, der vi koser oss og utforskar skogen. Fyrste turen gjekk vi attende til barnehagen og åt lunsj, denne veka hadde vi med oss heimelaga ostehorn i sekken. Mmmmm..det smaka godt med mat ute i det fri.





Vi har starta opp med morgonsamling. Då syng vi kjende songar, vi trekkjer dagens hjelpar som får oppdatere kalendaren m/verforhold og kva klede vi treng på ute og vi les bok eller fortel eventyr. 


Vi takkar for veka som er gått og ynskjer alle ei riktig god helg!



Flåklypadamene og Simen :-)





fredag 1. juli 2016

Veke 26

Hei alle saman!

Juni månad er forbi og det nydelege veret vi har hatt i store delar av månaden, har gitt oss mange flotte turar og utedagar. Vi har flydd med drake, leika i Amfiet, gått turar til leikeplassen og i skogen, plukka blåbær på haugen og til og med hatt vatn spredaren framme.

I Indianer skogen leika vi at vi var indianere og Ania laga pil og boge til alle borna. Denne fekk dei med heim same dagen. Det var kjempespennande å luske rundt i skogen, på ekte indianer vis.


Vi har og oppdaga ein ny leikeplass i nabolaget som vi fann ut vi måtte undersøkje litt nærare. Vi hadde nemlig høyrd at det var eit veldig kjekt klatrestativ der. Det stod til alle forventningar, og vi storkoste oss i klatretårnet, på rutsjebana og på dissene.


Vi har sjølvsagt også vore til gapahukene, der vi alltid liker å leike. Nokon bygde vidare på hula si, nokon dissa medan andre plukke blåbær. Vi fann rikelige mengder med søte bær, nam, nam...


Det nærmar seg somarferie, og born og vaksne skal snart nyte ein god ferie. Vi ynskjer alle ein riktig God Sommar, håper alle får mykje sol og varme, og koser seg med bading, grilling, is!!!

Bilderesultat for sommar is
Vi vil ynskje alle Dinoborna våre mykje lukka til med skulestart og alt det spennande som skal skje til hausten!!!

Neste veke startar sommarbarnehagen opp, då blir det ulike temafestar kvar onsdag framover, sjå utdelt skriv, kos dåke!

Bloggen tek no somarferie, vi sjåast i august!!!

GOD SOMMAR!!!

 Bilderesultat for sommer sol

FRÅ ALLE OSS PÅ FLÅKLYPA :-)


fredag 3. juni 2016

Veke 22

Hei alle saman!


Mai har flydd forbi, vi har hatt fleire gøye arrangement og her kjem ein oppsummering av det vi har fått til.


Torsdag 12. mai var det tid for Dinoavslutning, og alle dinoborna var skikkelig spente og klare for å vise foreldra sine kva dei har jobba med igjennom året. Framsyninga gjekk kjempebra, både barn og vaksne var kjempestolte! Etterpå var det duka for Dina kake og hotdog, alle koste seg med ein matbit og koseleg prat.


Fredag 13. mai var det tid for Maifest. Då gjekk vi i 17. mai tog. Bodil og Siren leda an med korpsmusikk. Det vart god stemning og HURRA-rop i toget, før vi samla oss på Amfiet der Monica holdt tale og vi song Nasjonalsongen. Etterpå samla dei store avdelingane seg på haugen og blåste såpebobler, medan dei minste borna fekk starte med å kaste våte svampar på Bodil og Marianne. Kjempegøy!!!
Så var det dei største borna sin tur å kaste, og Tonje og Ania vart gode og våte...hehe!
Til lunsj fekk vi hotdog, saft og is, som høyrer med når vi feirer 17. Mai.
Vi har gått fleire flotte turar til gapahukene denne månaden. Der har vi bygd hule, dissa i taudissa, plukka blomer, laga Land Art og klatra på steiner og i trer. Vi har hatt med oss stormkjøkken og laga tomatsuppe med makaroni og fiskekaker på skive. Det er alltid kjekt å gå på tur!
Ellers har vi leika mykje på haugen i det flotte veret vi har hatt den siste tida.





Onsdag 1. Juni var det Sommerfest i barnehagen. Festen starta med song frå borna på scenen, og deretter Rose seremoni for dinoborna. Det vart ei høgtideleg markering med utdeling av roser til alle dei flotte borna som no snart er skuleborn. Dei har ei spanande framtid i møte. Vi ynskjer dei masse lukka til med skulestart.
Då seremonien var avslutta, samla vi oss avdelingsvis for å ete lapskaus. Til dessert fekk borna is. Det var ei fullsatt Flåklypa avdeling, god stemning og god mat gjorde til at det vart ein veldig kjekk avslutningsfest. Kjempe hyggeleg at alle foreldre kunne koma på denne dagen.

Vi ynskjer alle ei flott og solrik helg!

Flåklypadamene :-)





fredag 29. april 2016

Veke 17

Heisann alle saman!


Det er fredag, helga står for tur og denne veka har flydd forbi på Flåklypa. Vi har hatt eit travelt og kjekt program, både med tur til Sotra Kino i anledning "Gullongane Barnehagefestival", dinoskule, bakedag,  russedåp for dinoborna og avslutning for Katrine.


Tysdag var endeleg dagen komen då vi skulle på kino og sjå "Alvin og gjengen i farta". Dette hadde vi gleda oss til i lang tid, og dagen stod til alle forventningar. Vi traska bort i flott solskin, møtte på mykje spennande undervegs og vart møtt på kinoen av kjekke vaksne som viste oss opp til eit fantastisk leikerom med hoppeslott, syklar og gøy musikk. Etter ei stund var det tid for å sjå film, og vi samla oss i kinosalen. Filmen var kjempegøy og morsom og alle sat fint frå start til slutt. Etter filmen var slutt sat vi oss ned ved eit langbord i øvste etasje for å ete lunsj. Vi hadde med oss smurte brødskiver i sekken og fekk saft og juice i kjekke beger av kinosjefen. Til dessert fekk vi skillingsbolle, det smaka veldig godt. Fornøgde og mette i magen gjekk vi attende til barnehagen, der leika vi ute i det flotte veret resten av dagen.








Onsdag hadde vi bakedag. Alle borna fekk baka sitt ostehorn saman med Maren, som dei skulle få ete til lunsj. Det var ivrige born som synes det var kjekt å bake sin eigen lunsj. Bra jobba!



På dinoskulen held dei framleis på å øva på gode manerer. Dei lærer seg å spørje fint og seie fine ting til andre ved hjelp av komplimentsirkelen. Dei øver på å seie takk når ein får låne noko av andre, men og å takle å få eit nei til svar. 






Torsdag var siste dagen Katrine var saman med oss på Flåklypa. Ho hadde tatt med seg utstyr som vi eksperimenterte med på haugen, blant anna blåste vi såpebobler. Det var kjempegøy, og alle blåste store bobler som for til værs.



Til lunsj åt vi skiver og drakk saft med sugerør. Etter lunsjen starta isfesten! Vi koste oss med deilig vanilje is med nonstop og sjokoladesaus på som Katrine hadde kjøpt til oss. Vi hadde ei kjekk stund saman, vi prata, lo, åt is og dela ut gåver. Katrine hadde kjøpt eit togbane sett til alle borna på Flåklypa, supergøy med nye tog!
Vi takkar for det fine samarbeidet med Katrine, vi vil kome til å sakne henne veldig mykje, og ynskjer henne lukka til i sin nye jobb!


Fredag var det tid for russedåp. Vi samla dinoborna på fellesrommet og hadde ei offisiell russedøyping. Alle fekk russehua si og vil framover jobba med å få russeknutar i hatten. Spennande!




Vi ynskjer alle ei riktig fin helg!


Flåklypadamene :-)