fredag 18. mars 2016

Veke 11

Hei og hå!

Då var det fredag igjen og veka har som vanleg flydd forbi. 

Det har vore mykje fine soldagar den siste tida, noko vi har benytta oss av ved å leike mykje ute.
Vi har og jobba og stått på innandørs med å laga ferdig påskepynten vår.


Idag har vi hatt guuuul lunsj her på huset, vi laga langbord på avdelinga vår og borna åt og koste seg ilag med mykje gul mat, som ost, egg, gule tomater og paprika. I koppen fekk vi appelsin juice.


Dinoskulen har dei siste vekene halde fram med venskapskapittelet, dei har snakka mykje om korleis ein kan samarbeide, spørje fint og vere venlege med kvarandre. Dei har jobba iherdig og gjort ein god innsats, og på onsdag hadde samtlege dinoborn fått kvar sin dinofot, som tyder på at dei til saman har utført 85 gode veneferdigheiter, og då var det duka for ISFEST!!!!! 


Tysdag 8. mars hadde vi bursdagssamling for Olander som vart 5 år. HURRA for Olander!!!

Tysdag var også dei borna som byrjar på Foldnes skule til hausten på besøk der, dei fekk helse på SFO leiar og leike litt i SFO lokala og på skuleplassen. 

Turen forrige veke gjekk til gapahuken langs Kyrkjevegen, der vi leika i skog og mark. Nokre av borna fann igjen nokre tunnellar som vi oppdaga sist vi var der, andre klatra på steinar og i trer. Vi sat oss inn i gapahuken og åt påsmurte skiver til lunsj, før vi gjekk heim til barnehagen og leika ute resten av dagen.


Turen denne veka gjekk til Foldnes Kyrkje, der vi var invitert på påskevandring. Det var ei kjekk stund der vi fekk høyre om kva som skjedde med Jesus då han døydde og vart gravlagd, og sto opp igjen tredje dagen. Borna følgde spende med på det dei vart fortald, og etterpå sat vi oss inn i kyrkjelydsalen for å drikke litt gul saft.


Vi ynskjer alle små og store ei riktig fin og god påskehelg!


Flåklypadamene :-)








fredag 4. mars 2016

Veke 9

Hei alle saman!


 Ei ny veke nærmar seg slutten, og helga står for tur. Vi har hatt ei kjekk veke med samlingar, inne- og uteleik, mykje høgtlesing til frukten, tur og sjølvsagt Dinoskule.


I samling har vi filosofert over ulike ting vi undrar oss over, nokre spørsmål kan vi finne svar på, medan andre ikkje er så fullt så lette å finne svar på...
Vi har og byrja å øve på påsksongar til påske gudstenesta vi skal på om nokre veker.


På Dinoskulen held dei fram med venskapskapittelet, og snakkar om korleis ein kan vere ein god ven. Det kan vere ferdigheiter som å dele, samarbeide, seie fine ting til kvarandre, hjelpe ein annan og inkludere i leik m.m. Dei har oppretta ein venskapsklubb, der borna får "Willy-merker" frå dei vaksne når dei utfører gode venskapsferdigheiter. Når kvar av borna har fått 5 merker, får dei ein venleg dinofot, og som avslutning blir det IS-FEST :-) Dei har og laga hjelpekort, der dei har skrive inni kven dei ynskjer å hjelpe med noko.


Tirsdag 1. mars var det "Barnehage-dagen," og tema i år er: "Les høgt for oss!" Det handlar om barnehagen sitt arbeid med å sikre god språkutvikling hos borna ved å lese høgt for og med dei.
Dette markerte vi ved å samle oss på fellesrommet, saman med Soria Moria og Tryllefløyten, der vi hadde bokkino med "Geitekillingen som kunne telle til ti". Etterpå fekk borna låne med heim ei bok frå biblioteket her i barnehagen. Minnar om at denne leveres i retur innan tysdag 8. mars.


Turen denne veka gjekk til den første gapahuken langs Kyrkjevegen. Det er ei stund sidan vi har vore i skogen, så borna koste seg med klatring i trer, dei speida etter maur og laga "hemmelige" huler innimellom buskar og kratt.
Vi gjekk tilbake til avdelinga og åt lunsj.
Seinare same dag fekk ei gruppe born vere med Joanne og Siren på fellesrommet og leike "Alle mine barn", det var veldig kjekt synes borna og dei vart ivrige og glade over å få vere med i leiken.

Vi ynskjer alle ei fin og solrik helg!!


Flåklypadamene :-)