fredag 25. september 2015

Veke 39

Hei alle saman!

Det er fredag og vi har hatt ei triveleg og travel veke på Flåklypa. Dino skulen starta på mandag og vi har hatt gruppedag og turdag som vanleg. I tillegg har vi våre daglege samlingar. Veka byrja med strålande ver og vi var ute store delar av dagen. 

På Dinoskulen har dei no i starten fokus på å bli nærare kjend med kvarandre i dinogruppa. Dei har snakka om korleis det er å vere del av ei gruppe og dei har snakka om felles reglar dei må jobbe etter på Dino skulen, slik at alle skal få fine opplevingar og oppnå eit godt fellesskap i gruppa. Dina og Willy har vore på besøk, det var veldig spennande, synes borna. Den fyrste lekseboka er utgjeven og det var stor stas å få lov å gjere lekser, kan du tru.


Vi har også hatt gruppedag, denne veka laga ei gruppe ferdig hånd- og fotavtrykk bileta sine, i tillegg lima vi bilete av familien vår på "husa" våre. Dei to andre gruppene leika "Katten og Musa". Det vart stor suksess, alle var flinke å vente på tur, og alle som ynskja det fekk vere både katt og mus. Det var ein fin leik med mykje glede og humor.

Katrine har kjøpt inn kritt til oss, og på tysdag i det flotte veret, gjekk vi bort på vegen attmed parkeringen og laga flott kunst på asfalten. Sjå kor fint det vart....






På turdagen denne torsdagen gjekk vi til Gapahuken, der leika vi og koste oss i skogen. I sekken hadde vi med oss brød og deilig pålegg, og sidan det var meldt litt surt ver, hadde vi laga kakao til å varme oss på. Mmmmmm...... og det smaka nydeleg!





 Vi ynskjer alle ei triveleg helg!


Flåklypadamene







fredag 18. september 2015

Veke 38

Hei alle saman!

Nok ei helg står for døra, og det har vert ei kjekk veke her på Flåklypa. Høgdepunktet har nok vert turen til Egon Restaurant på tirsdag.

Egon Restuarant på Sartor la tidlegare i høst ut ein konkurranse på facebook, der folk kunne stemme fram ein avdeling i ein barnehage dei ville skulle vinne, premien var pizza til lunsj på Egon. Flåklypa var ein av tre heldige vinnarar, og på tirsdag var dagen komen. Vi gjekk litt tidlig så vi fekk tid til å leike litt på lekeplassen ved Konglo.

Vi vart møtt på Egon av kjekke kelnarar som åpna døra til oss og ynskja oss velkommen inn. Vi fekk tildelt bord og sat fint og tålmodig og venta på mat og drikke. Pizzaen smaka kjempegodt!!!
Når vi var ferdig å ete, leika vi på leikerommet inne på Egon og vi fekk utdelt teiknehefte og fargeblyanter. Kjempegøy!





Husk oppstart på Dinoskulen mandag 21. september kl. 10:15 (presis)


Minner alle om foreldremøte onsdag 23. september kl. 18:30 her i barnehagen.



Ha ei riktig god helg!

Flåklypadamene :-)





fredag 11. september 2015

Veke 37

Hei alle saman!

Fredagen er her igjen og helga står for døra. Veka har vert fin med mykje sol, så vi har vore ute største delen av dagane og leika i finveret. 

Tirsdag var vi klare for gruppene våre igjen, det er alltid kjekt med gruppedag og borna er alltid like ivrige og entusiastiske for oppgåvene sine, anten det er matlaging, kunst og kreativitet eller språksprell.


Torsdag var det tid for tur, og denne veka hadde vi planlagt å lage tomatsuppe med makaroni på stormkjøkken ute i skogen. Mmmm....kjempegodt!
Medan vi venta på maten leika vi "tikken", klatra i trær ogmøtte ein fin katt som sat i veikanten og kikka på oss og utforska skogen.



Fredag kom Liss og Kim Andre innom til oss, det var sååååååå kjekt å helse på dei igjen!
Dei var med oss på samling og leika saman med oss inne og ute, før dei måtte attende til sine oppgåver på skulen. Kjempekoselig, vi håper på mange fleire besøk framover.

Minner alle om at det er planleggingsdag mandag 14. september, då er barnehagen stengd!

God helg til alle!

Flåklypadamene  


fredag 4. september 2015

Veke 36

Hei folkens!

Nok ei veke nærmar seg slutten, og vi har hatt ei fin veke med mykje kjekk uteleik i finveret, tur i skogen og våre daglege samlingar.

På mandag byrja det ei ny jente her hos oss, ho heiter Ronja og er 3 år. Velkomen til oss, Ronja.


Turen denne veka gjekk til Gapahukene langs Kyrkjevegen. Med oss i sekken hadde vi deilige skiver med variert pålegg og i koppen fekk vi melk eller vatn. 
Himmelen var blå og sola strålte denne dagen, og lunsjen spiste vi ute i det fri. I skogen leika vi piratar, vi dissa, vi grilla pølser "på lat" som borna seier, og vi såg tusenvis av maur.


Fredag hadde vi bursdagssamling for Markus som blir 4 år på søndag 6. september. 
Hipp hurra for Markus!


Vi ynskjer store og små ei superfin helg!

Flåklypadamene :-)