fredag 12. juni 2015

Veke 24

Hei alla saman!

Det er fredag og vi har hatt ei fin veke her på Flåklypa. Vi har leikt mykje ute på haugen og hatt fine ettermiddager ute på plassen.

Den årlige sommerfesten vart avvikla tirsdag ettermiddag og det vart ein nydelig dag, med mykje flott underhaldning, natursti, film og god mat og drikke tilslutt.


Etter ein magisk velkomst, var det mange frammøtte foreldre, sysken og besteforeldre som samlast til ein hyggeleg sommarfest. Etter gjennomført program var det herleg å kunne setje seg ned utandørs og ete lapskaus og drikke saft i det varme og flotte veret. Etter maten fekk alle borna kvar sin forfriskande saftis.


På stor avdeling framsynte vi eventyret om "Då snøen fekk farge". Både vaksne og born vart berørt av den magiske stemninga. Det var veldig kjekt å få underhalde store og små med denne flotte forteljinga.


På liten avdeling var det magisk å bere komme inn i rommet, med lun belysning innramma i fløyel og silke. Alle fekk vere med å synge kjekke songar med flotte rytmar. Flinke born og vaksne!

Vi har hatt bursdagsamling for Hanna denne veka. Ho er blitt 5 år! Gratulera med dagen til Hanna!

Det nærmar seg ferietid, og nokre startar allereie i neste veke, vi ynskjer dei ein riktig god sommarferie! 

Elles ynskjer vi alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene og Kim Andre





fredag 5. juni 2015

Veke 23

Hei alle saman!

Då er nok ei barnehageveke slutt, og høgdepunktet denne veka har nok vert turen til Sotra Arena på onsdag. Vi starta tidleg, allereie rett etter frukosten traska vi avgårde saman med Tryllefløyten og Soria Moria. I sekken hadde vi pakka med oss mykje godt pålegg og saft, så kjøpte Eva Birthe deilige rundstykker til oss. På vegen var det mykje spennande å sjå, både store lastebilar, butikkar og "Konglo." Alle var kjempeflinke å gå, heile vegen.

Vi turna, spelte fotball, sykla, rutsja på rutsjebane og koste oss masse. Lunsjen åt vi inne i salen, før vi køyrde "taxi" med Katrine og Monika tilbake til barnehagen. Dette var nok eit høgdepunkt for borna.



Torsdag hadde vi "mini-røris" på fellesrommet saman med Tryllefløyten. Då beveger vi oss til musikk, der teksten i musikken fortel oss bevegelsane. Kjempegøy og god trening for både små og store.



Fredag var det klart for premiering, alle bord har nemlig klart 5 nye klistremerker, og det blir "kino" på grupperommet. Jippiiii! 

Minner om sommarfesten på tirsdag 9. juni kl. 15:30. Då blir det magiske samlinger, rosesermoni for dinoborna og servering av lapskaus. Velkomen til alle!

Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene og Kim Andre