onsdag 19. desember 2018

Veke 51

Hei alle foreldre!

Det er snart jul, og vi på Flåklypa har gjort oss ferdig med juleaktivitetene for i år. Vi runder av med dei siste adventsamlingene i løpet av veka, og så tar vi juleferie.

Vi har vert på julegudstjeneste i Foldnes kyrkje, feira Lucia og hatt nissefest. Desember er ei kjekk og travel tid på året.

 



 



 



 



 




Vi takkar for godt samarbeid i året som er gått, og ynskjer alle små og store ei riktig God Jul 🎄🌟



Julehelsing frå Flåklypadamene


onsdag 5. desember 2018

Veke 49


Hei alle foreldre!

Da er adventstida komen til oss her på Flåklypa, og vi er godt igang med juleforberedelser og adventssamlinger. Vi lager julegaver, synger julesanger og har adventsamlinger kvar dag kl. 10. Da leser vi om Pulverheksa og julenissen, trekker pepperkakehjerte, tenner adventslys, synger julesanger og teller dager ned til jul.

 

 

                                                   
 



 



Vi oppdaga brått ei lita dør og ein postkasse på veggen inne på adventsrommet vårt, vi har banka og banka på døra, men foreløpig har ingen åpna. Kan det vere «Rampenissen», undres vi. Det blir spennande å sjå framover...

 


Vi leiker mykje ute, og nå har vi til barnas store begeistring fått ørlite snø også. Det er alltid kjekt med den første snødagen.



Dinoskulen og Dinogruppene tar nå juleferie, vi starter opp igjen på nyåret.

Vi ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Flåklypadamene