fredag 31. mars 2017

Uke 13

Hei alle saman! 

Det er fredag og denne veka har vi starta på våre påskeforberedelser, vi har påskesamling, synger påskesanger, fortel påskeevangeliet og lager påskepynt. 



Vi har framleis tema dyr, og har i den samanheng laga ein utstillingsboks til eventyret om Skinnvotten.

På dinoskulen jobbar dei framleis med samarbeid.



Det nærmar seg isfest, dinoborna har jobba flittig med å samle Willymerker, og snart er alle i mål.
5 Willymerker gir 1 dinofot.





Vi ønsker alle ei riktig god helg!


Flåklypadamene 😄











tirsdag 21. mars 2017

Veke 12


På tirsdag hadde vi en flott samling, hvor noen av barna har stått for kostymer, scenografi og vært skuespillere. Skinnvotten ble ivrig dramatisert, og både skuespillere og publikum syntes det var stas. Alle de 7 dyrene fikk plass inne i skinnvotten, men litt trangt var det, så det var litt godt når hunden og mannen fant votten sin igjen. En del av kostymene er fra av et kostyme-stativ vi har fått på deling på huset, og denne uken var det vår tur til å bruke de. Det var veldig stas!

Torsdag morgen tegnet vi og laget figurer vi skal laminerte til å leke på tavla med. Litt fortelling ble det også, og dyrenavnene begynner å sitte nå.


På torsdag gikk vi på tur i skogen og den først gapahuken. Barna elsker å være ute i et nytt miljø:) Vi lekte også en morsom "gjett hvilket dyr det er som lager denne lyden"-lek.

Vi spiste skiver ute før vi dro tilbake til barnehagen for å feire Marikken som blir 5 år, hipp hurra og gratulerer med dagen:)

       Samarbeid på Dinoskulen





fredag 17. mars 2017

Veke 11

Hei alle saman!


Nok ei veke er passert på Flåklypa, og veka har vert fyld med leik inne og ute, samlingar, Dinoskule og dinogrupper.



I mars kvart år, i år tysdag 14. mars, markerer vi Barnehagedagen med ulike tema frå år til år. Årets tema var "Vi vil leike" og dagen vart markert ved å lage til ein filmsnutt av born i leik på fellesrommet, som alle foreldre kunne sjå saman med bornet sitt ved henting.
I tillegg har vi hengt opp ein plakat i yttergangen, med tankar og refleksjonar frå borna om tema leik.



Fredag hadde vi bursdagssamling for Levion, som fyller 3 år. HURRA for Levion!!!


Vi ynskjer alle ei triveleg helg!

Flåklypadamene :-)
 

fredag 10. mars 2017

Veke 10

Hei alle saman!

Det er fredag og snart helg, og vi har hatt ei kjekk veke på Flåklypa. Vi har hatt samlingar, Dinoskule, Dinogruppene er starta opp igjen, vi har tegna og vi har vore på tur.

Vi samarbeidar om å tegne, kjempegøy!


På Dinoskulen held dei framleis på med tema venskapsferdigheiter, og er komen godt i gang med å samle opp Willy merker.Vi ser mange flinke born som seier fine ting til kvarandre, hjelper born som er mindre enn seg og inkluderer i leik hvis dei ser nokon som er einsame. Vi delar ut merkene i fellesskap og fortel om hendelsen så alle borna på avdelingen høyrer, så dette er stas!

Vi samlar Willy merker.

Vi har samlingar der vi fortel historia om "Skinnvotten" på ulike vis, vi les, dramatiserer, viser bilete på flanelograf og vi har ei regle om alle dyra i forteljinga. Borna er kjempe ivrige og engasjerte, noko vi synes er veldig kjekt å sjå.

Samling om Skinnvotten på tur.

Turen denne veka gjekk til skogholtet i byrjinga på Kyrkjevegen, der vi klatra i trer, gjekk innimellom buskar og kratt for ¨å "besøke trollet", noko som var utruleg spennande. Då vi kom fram, var ikkje trollet heime og vi vart einige om å prøve igjen ein annan gang.
Vi klatra opp på ein fjelltopp og utforska området rundt oss med god utsikt, det var veldig stas og kome seg opp på eigenhånd, kjempe meistringskjensle!
Til lunsj åt vi brødskiver og drakk kakao inne på avdelinga, det smaka godt etter ein tur ute i det fri denne kalde vinterdagen.


Vi ynskjer alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene :-)