fredag 27. mars 2015

Veke 13

Hei alle saman!

Det er fredag og barnehageveka nærmar seg slutten. Vi har hatt ei trivelig veke med mykje fint ver og uteleik, samt koselege stunder med påskeforberedelser og samlinger.

Tirsdag hadde vi bursdagssamling for Marikken som vart 3 år. HURRA for Marikken!

På Dinoskulen har dei denne veka øvd seg på samarbeid. Kvar gruppe har saman teikna eit dyr, noko som krev både å vente på tur og godt samarbeid.



Vi har og jobba vidare med påskepynten og alle vart svært fornøgd med resultatet. Vi har flinke born som jobbar flittig og dei har laga ei fin samling av påskeharer, krukker med karsefrø og søte små kyllinger.



Onsdag var det Den Internasjonale Vaffel Dagen, og då ville vi sjølvsagt lage vaflar til heile gjengen. Vi samla oss ute på benkane om ettermiddagen og koste oss med frukt og deretter nysteikte vaflar. Nydelig sol og fin temperatur, skikkeleg vårfølelse!



På turdagen gjekk vi også denne torsdagen, etter bornas ynskje, til leikeplassen i Grunnavågen. Der leikte vi politi og røvar, rødt lys og vi dissa og sparka fotball. Til lunsj hadde Sherife smurt gode brødskjever og i termosen hadde vi deilig kakao. Det smakar veldig godt med mat ute i det fri...
Det var sol frå blå himmel og vi hadde ein flott dag på tur.

*


Fredag fekk dei eldste borna på avdelingen leike ein regel leik på fellesrommet, som Kim Andre hadde planlagt. Kjempegøy!

Neste veke er det ein del born som skal ha påskeferie, og vi ynskjer alle ei riktig fin og solfylt Påske.



Elles ynskjer vi alle ei fin helg!

Flåklypadamene og Kim Andre


fredag 20. mars 2015

Veke 12

Hei alle saman!

No er endå ei barnehageveke slutt, og vi har lagt ei triveleg og innhaldsrik veke bak oss.



Dinoskulen har jobba vidare med venskapstema. Denne veka har dei laga flåter til marsmallows borgene sine, noko som krev godt samarbeid og deling. Dei har også spelt spel, som gjer god øving i å vente på tur. Dei har høyrd forteljinga om Regnbogefisken, som skildrar veldig godt ulike følelsar rundt det å inkludere, dele og seie fine ord til venane sine.


På måndag var dei eldste borna invitert på Påskevandring i Foldnes Kyrkje. Der fekk vi høyre historia om Jesus, då han døyde, vart gravlagd og stod opp att frå dei døydde. Borna følgde godt med og hadde ei triveleg stund i kyrkja. 



Elles har vi på gruppedagen vår jobba vidare med påskepynt og ei gruppe laga deilige ostehorn til lunsj. Vi kosar oss veldig med gruppearbeidet vårt.

Turen denne torsdagen gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Der var det ei stund sidan vi har vore, så alle gledde seg til å leike i det flotte leikehuset og rutsje på den store rutsjebana. På vegen såg vi mange lilla og gule krokusar, som er flotte og gode vårtegn. I sekken hadde vi med oss restar av ostehorn og heimelaga rundstykker med godt pålegg. Nam....et smakar ekstra godt med mat ute i det fri.

Vi ynskjer alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene og Kim Andre 





fredag 13. mars 2015

Veke 11

Hei alle saman!

Nok ei barnehageveke er over, og det har vert mykje kjekk aktivitet også denne veka. Mykje sol og fint ver, så vi har tilbragt store delar av dagane ute på haugen. der har vi rutsja, dissa på UFO-dissa, leikt "gjømsel" og kost oss med gode fruktmåltid.

På tirsdag feira vi Barnehagedagen med tema; "VI VIL UT", då fekk vi besøk av foreldre og besteforeldre og gjekk rebusløp på haugen som Kim Andre hadde laga til oss, det var kjempegøy, borna var kjempe ivrige og flinke til å svare på spørsmåla og alle fekk stempel på handa si ved kvar post. Etter det hadde Monica Sjef magisk samling ute på plassen, ho fortalde eventyret om "Reven som gjeter", og det vart ei fin og magisk stemning før vi avslutta feiringa med deilig lapskaus til lunsj.



Dino borna jobber videre med venskapstema, og har allereie samla seg opp fleire Willymerker. Vi er kjempestolte av dei alle saman. og det som er veldig kjekt å sjå er at dei yngre borna på avdelinga også lar seg engasjere. Mykje fine handlingar og fine ord til kvarandre, og det er veldig koselig.


Vi har i gruppene våre denne veka starta med litt påskeforberedelser, vi maler, limer og pynter fin påskepynt, så vi har mykje arbeid å gjere ferdig dei neste vekene fram mot påske.


Monika Sjef har fått seg akvarium på kontoret, det er veldig spanande, og borna fekk komme på besøk for ein "sniktitt".


Vi ynskjer alle ei solfylt og fantastisk helg!


Flåklypadamene og Kim Andre





fredag 6. mars 2015

Veke 10

Hei folkens!

Det er fredag igjen, og vi har hatt nok ei fin veke saman med borna Dykkar her på Flåklypa.
Veret har variert frå blå himmel og sol, til regn og sludd, så vi har hatt nokre fine dagar ute på haugen og andre dagar kortare lufteturar ute på leikeplassen.



Vi har hatt gruppene våre, og kjekke samlingar med eventyret om "Dei tre små griser". Dinosaurer er også veldig poppis på avdelingen for tida. Veggane er dekorerte med ulike typar dinosaurar, i mange flotte fargar.

Turen denne veka gjekk til gapahuken. Vi leikte og kosa oss i skogen, før vi samla oss i gapahuken for å ete brødskjevene vi hadde pakka med i sekken. Det smaka godt med mat ute i det fri.


På Dinoskulen har borna denne veka starta på eit kapittel som handlar om venskap. Det handlar om å dele, samarbeide, hjelpe kvarandre, seie fine ting til kvarandre m.m. Korleis føler vi oss dersom vi meistrar desse sosiale ferdigheitane, og kva føler vi dersom vi ikkje gjer det? 

Denne positive venskapshandlinga vert belønna med eit Willymerke, og når kvar enkelt dinoborn har oppnådd 5 merker, får dei ein Dinofot på Dinoskulen. Tilslutt når alle dinoborna har kvar sin Dinofot, blir det IS FEST!!! som avslutning på venskapskapittelet.


På fredag hadde vi bursdagssamling for Olander, han blir 4 år den 8. mars. HURRA for Olander!!

På tirsdag neste veke, 10. mars, er det Barnehagedagen! Den har i år tema "VI VIL UT!" og vi markerar den med å samle oss ute på haugen. Der skal vi ha magisk samling, synge litt, gå i natursti og ete lapskaus til lunsj. Alle foreldre (eller evnt. besteforeldre) er velkomen til å feire denne dagen saman med oss, frå kl. 11. Vi håpar å sjå deg :-)


Vi Ynskjer alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene og Kim Andre