fredag 3. juni 2016

Veke 22

Hei alle saman!


Mai har flydd forbi, vi har hatt fleire gøye arrangement og her kjem ein oppsummering av det vi har fått til.


Torsdag 12. mai var det tid for Dinoavslutning, og alle dinoborna var skikkelig spente og klare for å vise foreldra sine kva dei har jobba med igjennom året. Framsyninga gjekk kjempebra, både barn og vaksne var kjempestolte! Etterpå var det duka for Dina kake og hotdog, alle koste seg med ein matbit og koseleg prat.


Fredag 13. mai var det tid for Maifest. Då gjekk vi i 17. mai tog. Bodil og Siren leda an med korpsmusikk. Det vart god stemning og HURRA-rop i toget, før vi samla oss på Amfiet der Monica holdt tale og vi song Nasjonalsongen. Etterpå samla dei store avdelingane seg på haugen og blåste såpebobler, medan dei minste borna fekk starte med å kaste våte svampar på Bodil og Marianne. Kjempegøy!!!
Så var det dei største borna sin tur å kaste, og Tonje og Ania vart gode og våte...hehe!
Til lunsj fekk vi hotdog, saft og is, som høyrer med når vi feirer 17. Mai.
Vi har gått fleire flotte turar til gapahukene denne månaden. Der har vi bygd hule, dissa i taudissa, plukka blomer, laga Land Art og klatra på steiner og i trer. Vi har hatt med oss stormkjøkken og laga tomatsuppe med makaroni og fiskekaker på skive. Det er alltid kjekt å gå på tur!
Ellers har vi leika mykje på haugen i det flotte veret vi har hatt den siste tida.





Onsdag 1. Juni var det Sommerfest i barnehagen. Festen starta med song frå borna på scenen, og deretter Rose seremoni for dinoborna. Det vart ei høgtideleg markering med utdeling av roser til alle dei flotte borna som no snart er skuleborn. Dei har ei spanande framtid i møte. Vi ynskjer dei masse lukka til med skulestart.
Då seremonien var avslutta, samla vi oss avdelingsvis for å ete lapskaus. Til dessert fekk borna is. Det var ei fullsatt Flåklypa avdeling, god stemning og god mat gjorde til at det vart ein veldig kjekk avslutningsfest. Kjempe hyggeleg at alle foreldre kunne koma på denne dagen.

Vi ynskjer alle ei flott og solrik helg!

Flåklypadamene :-)