fredag 28. august 2015

Veke 35

Hei alle saman!

Det er fredag og helga nærmar seg, og vi har hatt ei fin veke her på Flåklypa. Vi har vert ute og leika på haugen på finversdagar, og plaska i dammar på regnværsdagar. Ellers har vi leika inne, hatt kjekke samlingar og starta opp med grupper denne veka.

Tirsdagsgruppene er som sagt igang igjen, ei matgruppe, ei kreativ gruppe og ei lese gruppe.
Mat gruppa starta med å vaske hender og ta på forkle, så fann dei fram ingrediensar; brød, ketchup, ost og litt krydder. Borna sette ivrig igang med å telle opp kor mange brødskiver dei trengte, og tok på ketchup og ost, så var dei klar til steiking. 
Ei gruppe laga handavtrykk og fotavtrykk på papir. Dette er ein begynnelse på prosjektet vårt om "Kven er eg." Minner i den samanheng om at vi treng bilete av familie, slekt, kjæledyr o.l. til alle borna til å vise fram på avdelingen.


Den tredje gruppa leste Joanne bøker for på lese TV. Dette er noko borna på Flåklypa er veldig glad i.



Vi minner om DINO foreldremøte onsdag 2. september kl. 18:00.
Vel møtt til alle DINO foreldre.


Ellers ynskjer vi alle ei riktig god helg.


Flåklypadamene

fredag 21. august 2015

Veke 34

Hei alle saman!

Vel overstått sommar, håper alle har hatt ein flott sommar og er klare til å ta fatt på eit nytt barnehageår. 

Denne veka har vi hatt strålande sol og det har vert varmt og fint, så vår ordinære vekeplan vil vi kome igang med etterkvart.

 Dagane har vi stort sett tilbragt ute. Vi har bada i vatnspredaren, har leika på haugen og vi har gått tur til leikeplassen i nærområdet. 


Vår nye lærling, Joanne Wiik, er begynt hos oss. Ho er 2. års lærling i barne -og ungdomsarbeiderfaget, og skal vere saman med oss fram til nyttår, og vi gler oss til å bli kjend med ho. Velkomen til Joanne.



Vi ynskjer alle ei fin og solfylt helg!


Flåklypadamene :-)