fredag 24. februar 2017

Veke 8

Hei alle saman!

Vi er godt inne i et nye året, og har nytt mange flotte dagar ute i naturen og på leikeplassen i vinter. Sola varmar, det har etterkvart blitt lysare dagar og vi boltrar oss ute.



I forrige veke avslutta vi vårt prosjekt om Hakkebakkeskogen, vi var først på kino og såg filmen, som for øvrig var kjempegøy, og gjekk etterpå i karnevalstog inne på Sartor Senter arrangert av Sotra Kino, og fredagen hadde vi vår egen karnevalsfest her i barnehagen, med skodespel, dans, pinjata og felles lunsj med hot dog og saft på Fellesrommet. 


Denne veka har vi starta på vårt neste tema, vi held framleis på med tema dyr, forteljinga om "Skinnvotten".
Det er ei varm forteljing som blant anna omhandlar tema som dyr, omsorg og venskap, samtidig er det framstilt som ei fantasiforteljing som er både spanande og inneheld litt magi.



På Dinoskulen er dei denne veka starta opp med nytt tema, som handlar om veneferdigheiter.
Dei snakkar om kva det vil seie å vere ein god ven, og øver på veneferdigheiter som å hjelpe, seie fine ord til nokon og å inkludere barn i leiken.



På turdagen var vi i skogen ved gapahuken og leika. Vi åt fiskekaker på skive til lunsj ute i det fri, og leika ute resten av dagen i det nydelige veret.



Vi ynskjer alle ei fin helg, og god vinterferie i neste veke, til dei som skal ha det.

Flåklypadamene :-)