torsdag 29. januar 2015

Veke 5

Hei på dere!

Nok ei veke har "sust" avgårde.....  Vi har hatt det kjekt både inne og ute.  Denne veka fekk vi litt nye leiker på avdelinga. Noko av nyinvisteringane er nye fargeblyanter og påfyll av magneter.  Då blei både teikning og leik med magnetar populære aktiviteter igjen. 
På tysdag var det igjen klart for "gruppedagen".  Borna synest denne dagen er kjempekjekk, og alle er veldig nøgd uavhengig av kva gruppe dei er på.  Den eine gruppa laga gode ostesmørbrød, den andre gruppa hadde gym på fellesrommet(hinderløype) og den siste gruppa mala flotte vinterbilder.




På turdagen på torsdag gjekk vi til gapahukene.  Været var ikkje så aller verst når vi gjekk ut, men jammen snudde det fort.  Både vind og sludd gjorde at lunsjen gjekk svært så fort, før vi nærmast sprang attende til barnehagen for å kose oss inne resten av dagen.  Vi tåler litt dårleg vær når vi veit at vi kan gå inn å varme oss etterpå :-) 

På dinoskulen denne veka har borna lært om korleis dei kan ignorere eller ikkje bry seg når nokon plager.  På mandag hadde dei popcorn fest, då dei no hadde gått igjennom alle dei seks ulike løysingane dei kan bruke når dei møter på eit problem.  Det beste med alt er at dei bruker strategiane i kvardagen.



Vi ynskjer alle ei super helg!




fredag 23. januar 2015

Veke 4

Hei alle saman!

No er fredagen her igjen og nok ei barnehageveke på Flåklypa er over.

Med unntak av idag, har vi hatt flott vinterver med blå himmel og sol heile veka, og kost oss mykje ute på "haugen". 

I gruppene denne tirsdagen mala ei av gruppene flotte vinterbilder. Dei brukte kun to fargar, blå og kvit, og resultata vart flotte kunstverk.
Ei anna gruppe laga ostesmørbrød til lunsj, og den siste gruppa "gymma" seg til sang og musikk.


På Dino skulen har borna jobba vidare med å øve på gode problemløysingsstrategiar. Dei har øvd på å vente på tur, alle fekk blåse såpebobler og måtte då vente til det vart sin tur. Dei har og øvd saman med Mari på å seie unnskyld, hvis t.d. ein ved eit uhell kom til å øydelegge noko som andre har laga.

No nærmar det seg seks "lyspærer" i tema; problemløysing, og då blir det popcorn fest på Dino skulen.  


Turen denne veka gjekk til Indianerskogen. Vi hadde med oss rumpeakebrett i håp om å finne ein rimete akebakke, det gjorde vi, midt inne i skogen og borna akte i tur og orden, kjempekjekt og flinke born som venta på tur og delte på akebretta! 
I sekken hadde vi med oss polarbrød med pålegg og deilig kakao. Maten smakte nydelig, og kakaoen både smakte godt og var god å varme seg på. 

Då vi var ferdig å ete dramatiserte nokon av borna "Bukkene Bruse", eit eventyr Flåklypaborna er veldig glad i.




Fredag koste vi oss med deilig lapskaus til lunsj, og alle mager vart gode og mette.

Vi ønsker Dykk alle ei strålande fin helg!


Frå Flåklypa damene og Kim Andre


fredag 16. januar 2015

Uke 3

Hei alle sammen!

Nå er helga like rundt hjørnet, og vi har har hatt ei flott veke her på Flåklypa.



På Dino skulen denne veka har alle barna øvd på kva man kan gjere når et problem eller uenighet oppstår. Det kan vere hvis fleire barn vil leike med same leiken, hvis nokon vil låne noko frå nokon m.m. Alle har fått øve saman med Willy på korleis dei då kan spørje fint, dei kan dele eller hente ein vaksen.



Tirsdag hadde vi bursdagssamling for Aron som blei 6 år. Gratulera med dagen til Aron!

Onsdag hadde vi ei fin samling der Inger-Ann fortalte om Pulverheksa og krokodillen som var så lei seg. Barna på Flåklypa elsker samling. Dei sitter som lys og er heilt fokusert på det som blir fortalt.
Vi leser også mange bøker på lese-TV under fruktmåltidet. Det er blitt veldig populært å ha med ei bok som vi leser for avelingen. Det er ei koselig stund for barna.

Torsdag gjekk vi ut etter lunsj på ein "mini-tur" til Foldnes Kyrkje. Der leikte vi "Tikken" og "Alle mine barn".Det blåste og hagla rundt oss, så vi gjekk ganske raskt tilbake og inn for å varme oss.

Fredag hadde Kim Andre magisk samlingstund for alle barna. Han fortalte eventyret om "Reven som gjeter". Det gjekk kjempefint, vi har den beste lærlingen! Etterpå fekk to av barna fortelle eventyret for de andre barna, dei kunne heile fortellingen, kjempeflinke barn vi har!

Vi ønsker alle ei riktig god helg!


Flåklypa damene og Kim Andre 


fredag 9. januar 2015

Uke 2

Hei igjen!

Godt Nyttår til alle!

Nå er vi igang igjen etter juleferien, 1 veke er allerede forbi, og vi er godt igang med barnehagekvardagen. 
Dinoskulen starta opp igjen mandag denne veka, nytt kapittel som handlar om problem og problemløysing. Korleis følar vi oss når vi har eit problem? Korleis løyser vi eit problem? Finns det fleire løysinger på eit problem?


Vi har feiret Levi som blei 4 år den 3. januar. 
Gratulerer med dagen til Levi!

Turen denne veka gjekk til gapahuken, der vi leikte og boltra oss i skogen, i regn- og haglbyger, før vi gjekk tilbake til barnehagen og åt lunsj. 

Tirsdagsgruppene starter opp igjen i neste veke.

Vi ønsker alle ei riktig god helg!

Helsing damene og Kim Andre :-)