fredag 22. desember 2017

Veke 51

Hei alle saman! 

Nå er det snart jul, og denne veka har vi hatt dei siste adventsamlingene og juleaktiviteter. Vi har fått pepperkakehus av "Rampenissen", hatt nissefest og julelunsj på avdelingen.

På mandag hadde vi julelunsj på Flåklypa. Inger Ann hadde dekka flott bord, og vi fekk heimebaka rundstykker. Etter lunsj fekk vi smake på pepperkakehuset som "Rampenissen" ga til oss. 




    Brev fra "Rampenissen"


På nissefesten fekk vi sjå eit skodespel om julenissen og hans hjelpere som gjorde klar dei siste julegavene på nisseverkstaden på Nordpolen. Vi gjekk rundt juletre og sang julesanger, og voksne og barn fekk gåve av nissen.
Etterpå gjekk vi på avdeling og åt nissegraut og drakk raud saft.



Vi ynskjer alle små og store ei fredfull og God Jul 🌲⭐️




Helsing Flåklypadamene 🙂

fredag 15. desember 2017

Veke 50

Hei alle saman!

Det nærmar seg jul, og vi koser oss på Flåklypa i førjulstida. Vi holder på å gjere oss ferdige med julegavene, vi har adventsamlingar på avdelingen og saman med andre avdelingar på fellesrommet og vi har vert på adventsgudsteneste i Foldnes Kyrkje.







Vi markerte Lucia på onsdag, med Lucia tog og song frå barna på scenen inne på fellesrommet. Etterpå koste vi oss på avdelingen med saft, kaffe og lussekatter. Koselig at mange foreldre kunne komme.



Denne veka har vi vert så heldige å få snø, og det har vert stor glede i akebakken. 

Ha ei fortsatt fin adventstid!





Flåklypadamene 

fredag 1. desember 2017

Veke 48

Hei alle saman!

Det nærmar seg jul og vi er godt igang med juleforberedelser på Flåklypa. 

Idag har vi hatt vår fyrste adventsamling, der vi syng julesongar, les julefortellinger, tenner adventslys og trekker pepparkakehjerter, som vi har baka og pynta.




Dinoskulen har tatt juleferie og startar opp igjen onsdag 3. Januar.



Vi ynskjer alle ei fin 1.adventshelg.

Helsing Flåklypadamene