onsdag 19. desember 2018

Veke 51

Hei alle foreldre!

Det er snart jul, og vi på Flåklypa har gjort oss ferdig med juleaktivitetene for i år. Vi runder av med dei siste adventsamlingene i løpet av veka, og så tar vi juleferie.

Vi har vert på julegudstjeneste i Foldnes kyrkje, feira Lucia og hatt nissefest. Desember er ei kjekk og travel tid på året.

 



 



 



 



 




Vi takkar for godt samarbeid i året som er gått, og ynskjer alle små og store ei riktig God Jul 🎄🌟



Julehelsing frå Flåklypadamene


onsdag 5. desember 2018

Veke 49


Hei alle foreldre!

Da er adventstida komen til oss her på Flåklypa, og vi er godt igang med juleforberedelser og adventssamlinger. Vi lager julegaver, synger julesanger og har adventsamlinger kvar dag kl. 10. Da leser vi om Pulverheksa og julenissen, trekker pepperkakehjerte, tenner adventslys, synger julesanger og teller dager ned til jul.

 

 

                                                   
 



 



Vi oppdaga brått ei lita dør og ein postkasse på veggen inne på adventsrommet vårt, vi har banka og banka på døra, men foreløpig har ingen åpna. Kan det vere «Rampenissen», undres vi. Det blir spennande å sjå framover...

 


Vi leiker mykje ute, og nå har vi til barnas store begeistring fått ørlite snø også. Det er alltid kjekt med den første snødagen.



Dinoskulen og Dinogruppene tar nå juleferie, vi starter opp igjen på nyåret.

Vi ynskjer alle ei fin helg!

Helsing Flåklypadamene 




onsdag 21. november 2018

Veke 47

Hei alle foreldre!

Sidan sist har vi hatt «Venskapsveke» her i barnehagen. Det er ei aktiv veke med mykje kjekke aktiviteter, samlinger og venneferdigheter. Vi har ekstra fokus på kva det vil seie å vere ein god ven, korleis vi snakkar til kvarandre på ein fin måte og kva som er fint å gjere for ein ven.

Alle borna har laga venskapsarmbånd til kvarandre, og vi har vert på vennelunsj i barnehagen.

             


    



     Torsdag fekk vi besøk av ei dramagruppe som dramatiserte ei forestilling for oss om venskap. I forestillinga var det ein forteljar og to rollefigurer. Det starta med uenighet og krangling, begge blei lei seg, men endte heldigvis med at dei vart vener, og glade igjen. Borna fekk undervegs komme med løysingar på kva dei kunne gjere for å bli vener.     

    

   


    


Denne veka har vi starta adventsforberedelsar på Flåklypa. Vi har baka pepperkakehjerter til adventskalenderen vår, i tillegg baka vi litt ekstra til å kose oss med i førjulstida.
Med stemningsfull julemusikk i bakgrunnen, fekk borna ei koselig bakestund på kjøkkenet saman med Inger-Ann. 


  

 
  
Til lunsj gjekk vi på haugen og grilla pølse med brød/lompe, det smaka deilig med mat ute i det fri.






 Ha ei frisk og fin helg! 
☀️❄️☀️❄️☀️




onsdag 7. november 2018

Veke 45



Heisann!

Hausten er på vei over til vinter, og på Flåklypa har vi denne hausten jobba med å få inn daglige rutiner på avdelinga. Borna har blant anna i samanheng med kvilestund sydd kvar sin pute til å kvile på. Det var stor stas å få vere med inn i «systova» og lage sin heilt eigen pute. 



Torsdager er turdag, og vi er delt i to grupper denne dagen. Dinogjengen går tur saman med Lisbeth og Bente Iris, medan dei øvrige borna går saman med Inger-Ann, Siren og Heidi. Emilia byter mellom gruppene annakvar veke.
Vi går ofte på tur i skogen langs Kyrkjevegen, der likar dei minste borna å klatre og boltre seg i busker og trer, medan dinogjengen har vore på turar til Sotra Arena og ulike leikeplassar i nærområdet rundt barnehagen. 
I sekken har vi med god niste, alt frå skiver eller polarbrød til tomatsuppe på stormkjøkken.

       
                             




Mandagar og onsdager har vi Dinogrupper, der har vi kjekke samlinger med sang, musikk, sangleiker og leikeaktiviteter.

Tirsdager og fredager har vi leikegrupper. Då er borna delt inn i mindre grupper, der vi leiker eller har samling som er tildels vaksenstyrt. 

I oktober var det FORUT som stod på planen, vi hadde samlingar og såg filmsnutter om livet til Sivatas frå Sri Lanka. Det var spennande å sjå og lære om korleis han og familien hadde det. 


Prosjektet vart avslutta med ein FORUT basar her i barnehagen, der foreldre, sysken og besteforeldre var invitert til å kome. Inntjeninga frå loddsalget vart veldig bra, heile 13.000,- kunne vi bidra med til FORUT aksjonen i år. 




Ha ei triveleg helg, alle saman!

Helsing Flåklypadamene 🙂






fredag 16. februar 2018

Veke 7

Hei alle saman!

Endeleg var dagen her; dagen for fargefesten vår! Vi har brukt lang tid på å førebu oss, vår avdeling har fargen gul, vi har laga kostyme, laga plakater med gul frukt, måla gule dyr og blomar på vindauge og pynta med gule ballonger. 





Festen starta på fellesrommet der Monika ønska oss velkommen og vi sang fargesanger. Etterpå gjekk vi avdelingsvis rundt på huset for å sjå og oppleve avdelingane. Det var flotte fargerike avdelingar, i fargane raud, blå, oransje, gul og grøn. Kjempe spennande!









Til lunsj var det pølse med brød og lompe, og raud saft til å drikke.

Til frukt hadde Ania laga popcorn til oss, ein fin avslutning på ein flott festdag i barnehagen.

Vi ynskjer alle ei riktig fin helg!


Flåklypadamene


fredag 2. februar 2018

Veke 5

Hei og god fredag!

I januar har vi leika mykje ute, vi har hatt fleire korte periodar med snø, vi har gått turar i skogen og til leikeplassen, vi har hatt lesegrupper og dinosamlingar. 

Då det endelig kom litt snø nytta vi dagane utandørs med aking, lunsj i det fri og varm kakao på termosen. Kjempegøy med vinter.





I lesegruppen les vi bok, avdelingen er delt inn i 3 grupper, og vi jobbar med leseforståelse, at barna skal få med seg innhaldet i boka, sjå på bileta, og auka ordforrådet sitt. Vi les bøkene: "Mopp og Mikko", "Shhhh, vi har ein plan", "Perle" og "Stella Snødronning". Vi har laga ein "lesekube" som står på avdelingen, der skal vi ha rolige aktivitetar med bøker i fokus.




På Dinoskulen har dei i januar jobba seg igjennom kapittelet om problemløysing. Dei har øva på å finne gode løysingar når vi har eit problem. Dei har og snakka om kortid har vi eit problem? I forrige veke hadde dei jobba seg igjennom alle dei gode løysingane, så då var det duka for popcorn fest på Dinoskulen. 



Lærlingen vår, Rebecca, hadde med seg nokre barn og laga god og sunn lunsj til oss. Dei laga grove rundstykke med kokt egg og kvitost på. Mmmm....det smaka kjempegodt!






Vi har gått mange turar i nærområdet, og hatt med god mat og drikke i sekken. Nokre turar har vert våtere enn andre. 





Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene 🙂🙂