fredag 12. juni 2015

Veke 24

Hei alla saman!

Det er fredag og vi har hatt ei fin veke her på Flåklypa. Vi har leikt mykje ute på haugen og hatt fine ettermiddager ute på plassen.

Den årlige sommerfesten vart avvikla tirsdag ettermiddag og det vart ein nydelig dag, med mykje flott underhaldning, natursti, film og god mat og drikke tilslutt.


Etter ein magisk velkomst, var det mange frammøtte foreldre, sysken og besteforeldre som samlast til ein hyggeleg sommarfest. Etter gjennomført program var det herleg å kunne setje seg ned utandørs og ete lapskaus og drikke saft i det varme og flotte veret. Etter maten fekk alle borna kvar sin forfriskande saftis.


På stor avdeling framsynte vi eventyret om "Då snøen fekk farge". Både vaksne og born vart berørt av den magiske stemninga. Det var veldig kjekt å få underhalde store og små med denne flotte forteljinga.


På liten avdeling var det magisk å bere komme inn i rommet, med lun belysning innramma i fløyel og silke. Alle fekk vere med å synge kjekke songar med flotte rytmar. Flinke born og vaksne!

Vi har hatt bursdagsamling for Hanna denne veka. Ho er blitt 5 år! Gratulera med dagen til Hanna!

Det nærmar seg ferietid, og nokre startar allereie i neste veke, vi ynskjer dei ein riktig god sommarferie! 

Elles ynskjer vi alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene og Kim Andre





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar