fredag 21. august 2015

Veke 34

Hei alle saman!

Vel overstått sommar, håper alle har hatt ein flott sommar og er klare til å ta fatt på eit nytt barnehageår. 

Denne veka har vi hatt strålande sol og det har vert varmt og fint, så vår ordinære vekeplan vil vi kome igang med etterkvart.

 Dagane har vi stort sett tilbragt ute. Vi har bada i vatnspredaren, har leika på haugen og vi har gått tur til leikeplassen i nærområdet. 


Vår nye lærling, Joanne Wiik, er begynt hos oss. Ho er 2. års lærling i barne -og ungdomsarbeiderfaget, og skal vere saman med oss fram til nyttår, og vi gler oss til å bli kjend med ho. Velkomen til Joanne.



Vi ynskjer alle ei fin og solfylt helg!


Flåklypadamene :-)










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar