fredag 25. september 2015

Veke 39

Hei alle saman!

Det er fredag og vi har hatt ei triveleg og travel veke på Flåklypa. Dino skulen starta på mandag og vi har hatt gruppedag og turdag som vanleg. I tillegg har vi våre daglege samlingar. Veka byrja med strålande ver og vi var ute store delar av dagen. 

På Dinoskulen har dei no i starten fokus på å bli nærare kjend med kvarandre i dinogruppa. Dei har snakka om korleis det er å vere del av ei gruppe og dei har snakka om felles reglar dei må jobbe etter på Dino skulen, slik at alle skal få fine opplevingar og oppnå eit godt fellesskap i gruppa. Dina og Willy har vore på besøk, det var veldig spennande, synes borna. Den fyrste lekseboka er utgjeven og det var stor stas å få lov å gjere lekser, kan du tru.


Vi har også hatt gruppedag, denne veka laga ei gruppe ferdig hånd- og fotavtrykk bileta sine, i tillegg lima vi bilete av familien vår på "husa" våre. Dei to andre gruppene leika "Katten og Musa". Det vart stor suksess, alle var flinke å vente på tur, og alle som ynskja det fekk vere både katt og mus. Det var ein fin leik med mykje glede og humor.

Katrine har kjøpt inn kritt til oss, og på tysdag i det flotte veret, gjekk vi bort på vegen attmed parkeringen og laga flott kunst på asfalten. Sjå kor fint det vart....






På turdagen denne torsdagen gjekk vi til Gapahuken, der leika vi og koste oss i skogen. I sekken hadde vi med oss brød og deilig pålegg, og sidan det var meldt litt surt ver, hadde vi laga kakao til å varme oss på. Mmmmmm...... og det smaka nydeleg!





 Vi ynskjer alle ei triveleg helg!


Flåklypadamene







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar