fredag 4. mars 2016

Veke 9

Hei alle saman!


 Ei ny veke nærmar seg slutten, og helga står for tur. Vi har hatt ei kjekk veke med samlingar, inne- og uteleik, mykje høgtlesing til frukten, tur og sjølvsagt Dinoskule.


I samling har vi filosofert over ulike ting vi undrar oss over, nokre spørsmål kan vi finne svar på, medan andre ikkje er så fullt så lette å finne svar på...
Vi har og byrja å øve på påsksongar til påske gudstenesta vi skal på om nokre veker.


På Dinoskulen held dei fram med venskapskapittelet, og snakkar om korleis ein kan vere ein god ven. Det kan vere ferdigheiter som å dele, samarbeide, seie fine ting til kvarandre, hjelpe ein annan og inkludere i leik m.m. Dei har oppretta ein venskapsklubb, der borna får "Willy-merker" frå dei vaksne når dei utfører gode venskapsferdigheiter. Når kvar av borna har fått 5 merker, får dei ein venleg dinofot, og som avslutning blir det IS-FEST :-) Dei har og laga hjelpekort, der dei har skrive inni kven dei ynskjer å hjelpe med noko.


Tirsdag 1. mars var det "Barnehage-dagen," og tema i år er: "Les høgt for oss!" Det handlar om barnehagen sitt arbeid med å sikre god språkutvikling hos borna ved å lese høgt for og med dei.
Dette markerte vi ved å samle oss på fellesrommet, saman med Soria Moria og Tryllefløyten, der vi hadde bokkino med "Geitekillingen som kunne telle til ti". Etterpå fekk borna låne med heim ei bok frå biblioteket her i barnehagen. Minnar om at denne leveres i retur innan tysdag 8. mars.


Turen denne veka gjekk til den første gapahuken langs Kyrkjevegen. Det er ei stund sidan vi har vore i skogen, så borna koste seg med klatring i trer, dei speida etter maur og laga "hemmelige" huler innimellom buskar og kratt.
Vi gjekk tilbake til avdelinga og åt lunsj.
Seinare same dag fekk ei gruppe born vere med Joanne og Siren på fellesrommet og leike "Alle mine barn", det var veldig kjekt synes borna og dei vart ivrige og glade over å få vere med i leiken.

Vi ynskjer alle ei fin og solrik helg!!


Flåklypadamene :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar