fredag 10. mars 2017

Veke 10

Hei alle saman!

Det er fredag og snart helg, og vi har hatt ei kjekk veke på Flåklypa. Vi har hatt samlingar, Dinoskule, Dinogruppene er starta opp igjen, vi har tegna og vi har vore på tur.

Vi samarbeidar om å tegne, kjempegøy!


På Dinoskulen held dei framleis på med tema venskapsferdigheiter, og er komen godt i gang med å samle opp Willy merker.Vi ser mange flinke born som seier fine ting til kvarandre, hjelper born som er mindre enn seg og inkluderer i leik hvis dei ser nokon som er einsame. Vi delar ut merkene i fellesskap og fortel om hendelsen så alle borna på avdelingen høyrer, så dette er stas!

Vi samlar Willy merker.

Vi har samlingar der vi fortel historia om "Skinnvotten" på ulike vis, vi les, dramatiserer, viser bilete på flanelograf og vi har ei regle om alle dyra i forteljinga. Borna er kjempe ivrige og engasjerte, noko vi synes er veldig kjekt å sjå.

Samling om Skinnvotten på tur.

Turen denne veka gjekk til skogholtet i byrjinga på Kyrkjevegen, der vi klatra i trer, gjekk innimellom buskar og kratt for ¨å "besøke trollet", noko som var utruleg spennande. Då vi kom fram, var ikkje trollet heime og vi vart einige om å prøve igjen ein annan gang.
Vi klatra opp på ein fjelltopp og utforska området rundt oss med god utsikt, det var veldig stas og kome seg opp på eigenhånd, kjempe meistringskjensle!
Til lunsj åt vi brødskiver og drakk kakao inne på avdelinga, det smaka godt etter ein tur ute i det fri denne kalde vinterdagen.


Vi ynskjer alle ei riktig god helg!

Flåklypadamene :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar