fredag 2. februar 2018

Veke 5

Hei og god fredag!

I januar har vi leika mykje ute, vi har hatt fleire korte periodar med snø, vi har gått turar i skogen og til leikeplassen, vi har hatt lesegrupper og dinosamlingar. 

Då det endelig kom litt snø nytta vi dagane utandørs med aking, lunsj i det fri og varm kakao på termosen. Kjempegøy med vinter.





I lesegruppen les vi bok, avdelingen er delt inn i 3 grupper, og vi jobbar med leseforståelse, at barna skal få med seg innhaldet i boka, sjå på bileta, og auka ordforrådet sitt. Vi les bøkene: "Mopp og Mikko", "Shhhh, vi har ein plan", "Perle" og "Stella Snødronning". Vi har laga ein "lesekube" som står på avdelingen, der skal vi ha rolige aktivitetar med bøker i fokus.




På Dinoskulen har dei i januar jobba seg igjennom kapittelet om problemløysing. Dei har øva på å finne gode løysingar når vi har eit problem. Dei har og snakka om kortid har vi eit problem? I forrige veke hadde dei jobba seg igjennom alle dei gode løysingane, så då var det duka for popcorn fest på Dinoskulen. 



Lærlingen vår, Rebecca, hadde med seg nokre barn og laga god og sunn lunsj til oss. Dei laga grove rundstykke med kokt egg og kvitost på. Mmmm....det smaka kjempegodt!






Vi har gått mange turar i nærområdet, og hatt med god mat og drikke i sekken. Nokre turar har vert våtere enn andre. 





Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene 🙂🙂






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar