fredag 2. oktober 2015

Veke 40

Hei alle saman!

Då er vi ved vekas siste barnehagedag, og veka har flydd avgårde som vanleg. Vi har hatt fine dagar ute i sola, og nokre våtare dagar med "basseng" utanfor som det er veldig stas å leike i.



Dinoskulen har fortsett å arbeidd med å bli kjende med kvarandre og avslutta veka med venskaps bingo. Borna synes det var spennande med bingo, og kom attende med gøye premiar.




I gruppene våre denne veka laga ei gruppe ostesmørbrød til lunsj medan dei to andre gruppene hadde stafett ute. Alle gjorde ein kjempegod jobb, dei samarbeidde godt for å kome raskast i mål. Etappane bestod av sykling, hinderløype med ball og tilslutt skyte ballen i mål. Supergøy!



Turen denne torsdagen gjekk til skogen langs Kyrkjevegen, der leika vi "tikken" og "Kaptein Sabeltann" som var ute på tokt. Vi studerte alt vi såg på bakken, det var både maur, stein, pinner og sopp. Vi studerte soppen litt nærare og fann fleire ulike sortar, blant anna "Steinsopp" som er kvite og "Fluesopp", som er raude med kvite prikkar. Vi snakka og om at Fluesoppen er giftig, så vi må berre sjå på den, ikkje røyre den. Dette synes borna var fasinerande og hadde mange spørsmål på lur.



Lunsjen åt vi på benken ute i barnehagen, og medan vi åt kom sola fram og det vart varmt og fint ute. Vi leika ute resten av dagen.




I oktober startar vårt FORUT-prosjekt, og i samling på fredag presenterar vi tema for borna på avdelingen. Vi skal bli betre kjend med born som bur på landsbygda utanfor Katmandu i Nepal, som lever under fattige kår. Dette skal vi gjere ved hjelp av å lese forteljingar, sjå bilete og videoar og synge songar. Det vert ein spanande månad og vi gler oss til å kome i gang med dette flotte prosjektet. Det heile vert avslutta med å arrangere basar for alle foreldre, med sal av kaker og kaffi, torsdag 29. oktober.




Vi fekk fredag formiddag besøk av Eline og pappaen hennar. Det var veldig kjekt å møta ho igjen, og sjå at det gjekk bra med ho. Vi ynskjer Eline fortsatt god bedring, og velkomen tilbake til oss når ho er klar for det.


Elles vil vi ynskje alle ei riktig god helg, og ein fin haustferie til dei som skal ha fri neste veke.




Flåklypadamene









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar