fredag 12. mai 2017

Veke 19

God fredag til alle!

Vi har hatt ei travel og innhaldsrik veke, med forberedingar til 17. Mai fest og Dinoavslutning. Det flotte vêret held fram, og vi nyt store delar av dagane utandørs. 



Dinoborna har øva kvar dag fram mot avslutninga, og hadde ein flott avslutningsfest. Mykje god øving gjer eit godt resultat, og heile dinogjengen hadde ei flott framsyning for foreldra. Etterpå var det tid for kake og hotdog og koseleg prat blant små og store. 



Rosarussen har gjort seg ferdige med dei siste russeknutane, å telje til ti på engelsk og å vere stille i 10 minutt. No er dei i mål med alle 8 knutane og skal få knytt på tinga i hatten. Bra jobba! 



Dinogruppene hadde onsdag avslutning med fruktspyd og utdeling av diplom, og tar no somarferie. 



Vi har hatt samlinger inne og ute der vi har snakka om 17. Mai, at det er Noregs bursdag, og vi har øva på Nasjonal songen og måla det norske flagget på steinar, til og pynte med på avdelinga. 





HURRA for Haben som fylte 6 år den 11.mai. Gratulera med dagen, Haben! 🎈🎈

Vi ynskjer alle ei triveleg helg! 

Flåklypadamene ☀️☀️☀️😄😄😄


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar