fredag 5. mai 2017

Veke 18

God fredag alle saman!

Ei kort barnehageveke er over, og vi har hatt ei flott og solrik veke, tilbragt ute frå morgon til ettermiddag. Vi har leika på haugen, sparka fotball, sykla, dissa og jobba i sandkassen og leika i iskiosken som Ania har laga, kjempegøy!!!



☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️☀️

På Dinoskulen held dei på med forberedingar til dinoavslutninga, som nærmar seg. Dei er og i full gang med russeknutar, så langt har dei ete havregraut med gaffel, sprunge 5 rundar rundt matta og ete ein saftis på 5 minutt og ete lunsj under pulten til Monika 😂 Kjempegøy og flinke rosarussar! 



Vi har 3 bursdagsbarn denne veka, Aria og William fylte 4 og 6 år på onsdag 3. mai og Celin fyller 6 år laurdag 6. mai. HURRA!!! Gratulera med dagen til dei. 



Torsdag var det tid for ryddeaksjon i barnehagen. Vi snakka om kor viktig det er å halde naturen rein, at det ikkje er greit å kaste boss i naturen, fordi det øydelegg naturen og kan skade dyra som lever der. Alle avdelingane plukka ivrig boss i inndelte sonar, og borna på Flåklypa undra seg over at folk kunne kaste frå seg bosset på bakken. Det er jo så enkelt å kaste det i bosspannet i staden!?



Etterpå var det tid for grilling ute på plassen, vi grilla pølse med lompe og brød og etter lunsj fekk vi is. Det smakte godt med mat og ein velfortent is etter ei god arbeidsøkt.





Då ynskjer vi alle ei riktig fin og solrik helg! ☀️☀️☀️☀️☀️


Flåklypadamene 😎


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar