onsdag 7. november 2018

Veke 45



Heisann!

Hausten er på vei over til vinter, og på Flåklypa har vi denne hausten jobba med å få inn daglige rutiner på avdelinga. Borna har blant anna i samanheng med kvilestund sydd kvar sin pute til å kvile på. Det var stor stas å få vere med inn i «systova» og lage sin heilt eigen pute. 



Torsdager er turdag, og vi er delt i to grupper denne dagen. Dinogjengen går tur saman med Lisbeth og Bente Iris, medan dei øvrige borna går saman med Inger-Ann, Siren og Heidi. Emilia byter mellom gruppene annakvar veke.
Vi går ofte på tur i skogen langs Kyrkjevegen, der likar dei minste borna å klatre og boltre seg i busker og trer, medan dinogjengen har vore på turar til Sotra Arena og ulike leikeplassar i nærområdet rundt barnehagen. 
I sekken har vi med god niste, alt frå skiver eller polarbrød til tomatsuppe på stormkjøkken.

       
                             




Mandagar og onsdager har vi Dinogrupper, der har vi kjekke samlinger med sang, musikk, sangleiker og leikeaktiviteter.

Tirsdager og fredager har vi leikegrupper. Då er borna delt inn i mindre grupper, der vi leiker eller har samling som er tildels vaksenstyrt. 

I oktober var det FORUT som stod på planen, vi hadde samlingar og såg filmsnutter om livet til Sivatas frå Sri Lanka. Det var spennande å sjå og lære om korleis han og familien hadde det. 


Prosjektet vart avslutta med ein FORUT basar her i barnehagen, der foreldre, sysken og besteforeldre var invitert til å kome. Inntjeninga frå loddsalget vart veldig bra, heile 13.000,- kunne vi bidra med til FORUT aksjonen i år. 




Ha ei triveleg helg, alle saman!

Helsing Flåklypadamene 🙂






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar