onsdag 21. november 2018

Veke 47

Hei alle foreldre!

Sidan sist har vi hatt «Venskapsveke» her i barnehagen. Det er ei aktiv veke med mykje kjekke aktiviteter, samlinger og venneferdigheter. Vi har ekstra fokus på kva det vil seie å vere ein god ven, korleis vi snakkar til kvarandre på ein fin måte og kva som er fint å gjere for ein ven.

Alle borna har laga venskapsarmbånd til kvarandre, og vi har vert på vennelunsj i barnehagen.

             


    



     Torsdag fekk vi besøk av ei dramagruppe som dramatiserte ei forestilling for oss om venskap. I forestillinga var det ein forteljar og to rollefigurer. Det starta med uenighet og krangling, begge blei lei seg, men endte heldigvis med at dei vart vener, og glade igjen. Borna fekk undervegs komme med løysingar på kva dei kunne gjere for å bli vener.     

    

   


    


Denne veka har vi starta adventsforberedelsar på Flåklypa. Vi har baka pepperkakehjerter til adventskalenderen vår, i tillegg baka vi litt ekstra til å kose oss med i førjulstida.
Med stemningsfull julemusikk i bakgrunnen, fekk borna ei koselig bakestund på kjøkkenet saman med Inger-Ann. 


  

 
  
Til lunsj gjekk vi på haugen og grilla pølse med brød/lompe, det smaka deilig med mat ute i det fri.






 Ha ei frisk og fin helg! 
☀️❄️☀️❄️☀️




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar