søndag 25. mai 2014

Uke 21

Hei på dere!

Et litt forseinka blogg innlegg fra forrige veke......

Denne veka har dreid seg mykje om førskulebarna.Dei har gått i barnehagen i mangen år, enkelte har vore her i 5 år, så når dei no snart skal slutte hos oss så må det markerast.

Tirsdag reiste alle førskulebarna til Bergen sammen med Lise, Liss, Monica, Siw og Daniel. Dei skulle besøke Den Nationale Scene der dei vart møtt av SPØKELSET OCTAVIA. Octavia var eit einsam spøkelse og ynskja å ha nokon å leike med. Ho hadde ein spøkelsesvenn på teateret og ville at vi skulle hjelpe henne å leiter etter han. Før vi kunne leite saman med Octavia fekk vi unsynlegheitspulver over oss. Undervegs fann vi brev frå vennen hennar, som ledetrådar. Samtidig som vi leita etter venen hennar, fekk vi omvisning på teateret. Vi fekk prøve ulike utkledningskleder, kruner og hattar som har vore brukt i ulike eventyr og skodespel. Til slutt fann vi eit brev der der sto at Octavia skulle møte spøkelsesvennen sin ved midnatt på scenen. Vi blei alle einige om at da sov alle førskulebarna. Octavia takka for hjelpen, og at ho no ikkje var einsam lenger.


Mandag og onsdag øvde førskulebarna til avslutningen på Dinoskulen. Dei øvde på å stå framfor publikum og seie replikkar inn i mikrofon. Foreldrene deira var invitert til å komme. Torsdag ettermiddag kom alle foreldrene til fellesrommet for å være med på avslutningen. Rommet var pynta, nervøs og forventningsfull stemning spreidde seg blandt både barna og dei vaksne på Dinoskulen.


Barna var verkeleg prega av stundens alvor, og det gjorde nok til at dei presterte sitt beste. Dei gjekk inn etter tur i grupper der kvar gruppe hadde sin dinosaur å presentere. Alle sju gruppene gjorde ein flott jobb med presentasjonen og det var mange stolte foreldre på publikumsbenken. Alle barna hadde på seg splitter nye Dino- tskjorter som dei fekk av barnehagen. T- skjortene hadde bilde av Willy, Mari, Dina, Lille Skilpadde og Pelle. Etterpå var det saft, kaffi, Dina-kake,cookies og frukt til alle. Kjempekoseligt!

Dei yngste på avdelingen har sjølvsagt også hatt det fint.  Vi har vore mykje ute i det fine været, både på haugen og nede på leikeplassen.
På tirsdag, då førskolebarna var på utflukt i byen, grillet de andre barna på haugen.  Fiskekaker i pitabrød.  Det var kjempegodt!

Vi har også hatt kjekke samlinger med både eventyr og musikk!  Eventyret om "Pannekaken" og "De tre små grisene" blir de visst aldri lei :-)

Minner dere på at barnehagen er stengt torsdag 29.05 og fredag 30.05.

Håper alle har hatt ein fin helg.  Vi ynskjer alle en ny og fin veke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar