torsdag 29. januar 2015

Veke 5

Hei på dere!

Nok ei veke har "sust" avgårde.....  Vi har hatt det kjekt både inne og ute.  Denne veka fekk vi litt nye leiker på avdelinga. Noko av nyinvisteringane er nye fargeblyanter og påfyll av magneter.  Då blei både teikning og leik med magnetar populære aktiviteter igjen. 
På tysdag var det igjen klart for "gruppedagen".  Borna synest denne dagen er kjempekjekk, og alle er veldig nøgd uavhengig av kva gruppe dei er på.  Den eine gruppa laga gode ostesmørbrød, den andre gruppa hadde gym på fellesrommet(hinderløype) og den siste gruppa mala flotte vinterbilder.




På turdagen på torsdag gjekk vi til gapahukene.  Været var ikkje så aller verst når vi gjekk ut, men jammen snudde det fort.  Både vind og sludd gjorde at lunsjen gjekk svært så fort, før vi nærmast sprang attende til barnehagen for å kose oss inne resten av dagen.  Vi tåler litt dårleg vær når vi veit at vi kan gå inn å varme oss etterpå :-) 

På dinoskulen denne veka har borna lært om korleis dei kan ignorere eller ikkje bry seg når nokon plager.  På mandag hadde dei popcorn fest, då dei no hadde gått igjennom alle dei seks ulike løysingane dei kan bruke når dei møter på eit problem.  Det beste med alt er at dei bruker strategiane i kvardagen.



Vi ynskjer alle ei super helg!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar