fredag 23. januar 2015

Veke 4

Hei alle saman!

No er fredagen her igjen og nok ei barnehageveke på Flåklypa er over.

Med unntak av idag, har vi hatt flott vinterver med blå himmel og sol heile veka, og kost oss mykje ute på "haugen". 

I gruppene denne tirsdagen mala ei av gruppene flotte vinterbilder. Dei brukte kun to fargar, blå og kvit, og resultata vart flotte kunstverk.
Ei anna gruppe laga ostesmørbrød til lunsj, og den siste gruppa "gymma" seg til sang og musikk.


På Dino skulen har borna jobba vidare med å øve på gode problemløysingsstrategiar. Dei har øvd på å vente på tur, alle fekk blåse såpebobler og måtte då vente til det vart sin tur. Dei har og øvd saman med Mari på å seie unnskyld, hvis t.d. ein ved eit uhell kom til å øydelegge noko som andre har laga.

No nærmar det seg seks "lyspærer" i tema; problemløysing, og då blir det popcorn fest på Dino skulen.  


Turen denne veka gjekk til Indianerskogen. Vi hadde med oss rumpeakebrett i håp om å finne ein rimete akebakke, det gjorde vi, midt inne i skogen og borna akte i tur og orden, kjempekjekt og flinke born som venta på tur og delte på akebretta! 
I sekken hadde vi med oss polarbrød med pålegg og deilig kakao. Maten smakte nydelig, og kakaoen både smakte godt og var god å varme seg på. 

Då vi var ferdig å ete dramatiserte nokon av borna "Bukkene Bruse", eit eventyr Flåklypaborna er veldig glad i.




Fredag koste vi oss med deilig lapskaus til lunsj, og alle mager vart gode og mette.

Vi ønsker Dykk alle ei strålande fin helg!


Frå Flåklypa damene og Kim Andre


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar