fredag 13. februar 2015

Veke 7



Hei alle sammen!

Nok ein fredag, og helga er i anmarsj, og veka har flydd avgårde.

Influensaen har ramma oss tildels denne veka, og vi har derfor måtte gjere om på nokre planar, men vi har kost oss med mykje kjekk leik og moro. Fargelegging av Angry Birds figurar er veldig poppis om dagen. Vi har også hatt det fint ute denne veka, med litt varmare temperatur.


Dino skulen har gått som vanleg, og denne veka har dei starta på eit nytt kapittel; Sinnemeistring.
Der har borna blitt introdusert for Lille Skilpadde sin hemmelighet. Når han blir sint seier han først Stopp!, så kryp han inn i skilpadde skalet sitt og trekk pusten djupt inn 3 gonger, så kjem han ut igjen og er roleg i kroppen. 
Denne sinnemeistringstategien har borna fått øva seg på, ved å sjølve få krype inn i Lille Skilpadde sitt skal for å roe seg ned, og ved bruk av legofigurar og skilpaddeskal laga av modelleire. 




Vi ynskjer alle ei god helg!


Mvh Flåklypadamene og Kim Andre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar