fredag 20. februar 2015

Veke 8

Hallaisen folkens!

Då var endeleg fredagen komen og vi er klar for vekas høgdepunkt; KARNEVAL!!!

Det var utruleg mange skjønne, søte prinsesser, tøffe og kule superhelter og nokre "skumle" dyr i barnehagen idag.

Vi har storkost oss på karneval på fellesrommet, saman med Tryllefløyten og Soria Moria. Vi dansa, sang karneval sangen vår, laga flotte masker, dansa limbo og åt hotdog med saft til lunsj.


Etter lunsj avslutta vi karnevalsfesten med å slå "Katta ut av sekken". Ania på Soria Moria hadde laga ein kjempeflott "pinjata" til oss, så her var det berre å slå laus. Etter at alle borna hadde fått prøve seg, var "katten" framleis heil, men Monika sjef klarte å slå den i to, og ut kom det deilige kjeks poser til alle saman. Nam, nam.....



Ellers har vi hatt ei kjekk veke med mykje fin leik inne og ute, Dinoskulen har jobba vidare i sinnemeistring kapittelet, og vi har hatt gruppedagen vår.

Vi ønskjer alle ei riktig god helg, og ein superfin vinterferie til dei som skal ha fri neste veke!

Flåklypadamene og Kim Andre :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar