fredag 27. februar 2015

Veke 9

Hei alle sammen!

Fredagen er her atter ein gang, og denne veka har vi hatt ei mindre barnegruppe her på Flåklypa, sidan ein del born har hatt vinterferie. Vi har hatt kjekke dagar med leik og moro inne og ute.


Tirsdag hadde Kim Andre i oppgåve å bake saman med borna. Det var ein ivrig gjeng som sette igang med jobben, og vi dekka til fest og koste oss med deilige rundstykker til lunsj. 


På turdagen var det skikkelig ruskete ver ute, men vi rusta oss opp og gjekk ein tur bort til Foldnes skule. Der leikte vi litt i rutsjebana, før vi skunda oss tilbake til barnehagen...


...og når vi våte og kalde kom tilbake til barnehagen, var det godt å gå inn og varme seg og ete deilige ostiker til lunsj. 

Torsdagen var ein veldig spesiell dag her på Flåklypa, det var siste dagen til Liss og alle var nok litt prega av det. Alle born og vaksne ønsker Liss masse lykke til i sin nye jobb! Vi håper du kjem på besøk til oss snart.


Fredag laga Eva Birthe deilig pizza til oss, nam, nam...vi er jammen heldige!


Vi ønsker alle ei fin helg!

Flåklypadamene og Kim Andre :-) 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar