fredag 10. april 2015

Veke 15

Hei alle saman!

Da er vi igang igjen etter ein fin påskeferie, og vi har hatt ei kjekk veke med mykje fin leik både inne og ute. Vi har teikna, bygd med magnetar, bygd lego og hatt samlingar. Det har vore ein del fine dagar med sol og fine temperaturar, så vi har leikt mykje på haugen.

Tirsdag fekk vi ei ny jente på avdelingen vår, ho heiter Hanna og er 4 år. Vi gler oss til å bli kjend med ho. Velkommen til Hanna!

Vår nye pedagogiske leiar hadde også sin fyrste dag her hos oss på tirsdag. Katrine heiter ho, og alle små og store ser også  fram til å bli kjend med ho. Velkomen også til Katrine!

Dinoskulen har denne veka jobba vidare med tema; samarbeid. Borna har i grupper samarbeidd om å pusle eit puslespel, bygd eit tårn av papir, og måla og dekorert eit flott bilete av Regnbogefisken.




Turen vår denne torsdagen gjekk til Gapahuken. Der koste vi oss med å klatre i trer, leike gjømsel og disse på taudissa. I sekken hadde vi med oss brødskjever og mykje godt pålegg.


Fredag laga Eva Birthe deilig pølse -og makaroni grateng til lunsj. Det smaka kjempegodt, og vi vart gode og mette alle saman, før vi kledde oss for å gå ut i den flotte sola og leike.



Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene og Kim Andre 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar