fredag 24. april 2015

Veke 17

Hei alle saman!

Vi har denne veka vert så heldige å hatt fleire solrike dagar og vert mykje ute på haugen og leikt, gått tur i skogen, men også vert inne og hatt gruppedag.

I gruppene laga vi gode ostehorn til lunsj, måla vidare på "kongle" sauene våre og gymma oss litt.



Dinobarna har denne veka øvd på kommunikasjonsferdigheter som er viktige for å få- og bli kjend med nye vener. Dei har øvd på å fortelje om seg sjølv, om sin familie, kva dei liker å leike. korleis vi kan spørje på ein fin måte å få vere med i leik; faktorar som er viktige i møte med nye mennesker. 

Dei har og øvd på å spørje om lov til å få låna eller bruke noko som tilhøyrer andre, og oppleve at dersom ein spør fint, får ein som oftast eit ja til svar. Ein annan viktig ferdighet dei har øva på, er å vere høflege og seie "takk" etterpå.


Turen gjekk til "Trollebrua," som vi har døypa den etter vår "Bukkene Bruse" dramatisering.
Vi leika ved elvebredden og sende pinnar under brua, for så å sjå om dei kom flytande ut på andre sida. Vi fekk også auge på ein heil del froske egg nedi ein pytt, som vi spent skal følgje med på utover våren. Til lunsj grilla vi pølser med brød/lomper, og koste oss på benken i sola, medan turgåarar kom jamt forbi og smilte og helsa på oss.

Fredag laga Eva Birthe gode kjøttkaker til oss til lunsj, før det bar ut i frisk luft og uteleik.

Ynskjer alle ei flott helg!

Flåklypadamene og Kim Andre




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar