fredag 22. mai 2015

Veke 21

Hei folkens!

Helga står for døra og vi har hatt ei travel og kjekk veke her på Flåklypa. Vi har hatt grupper, tur i nærområdet, samlinger og Dinoavslutning.

På gruppedagen delte vi oss inn i 4 grupper denne gongen. Ei gruppe limte ull på konglesauene til bondegården vår, ei gruppe laga lunsj, ei baka cookies til Dino avslutninga og ei gruppe hadde leik saman med Kim Andre.

Vi har hatt samling der vi har eksperimentert med vatn og luft, og denne veka var det såpebobler som skulle prøvast ut. Katrine demonstrerte korleis vi måtte bruke luft for å blåse boblene og etterpå fekk alle borna prøve. Kjempegøy!


Vi gjekk ein "gåtur" i nærområdet, bort til Foldnes skule og gjennom boligområdet like ved. Vi såg mange fine hus og hagar på vegen, og gjekk deretter tilbake til barnehagen og åt lunsj.


Torsdag var det duka for Dino avslutningsfesten. Borna har øvd i fleire veker, og både gleda seg og kjent litt på sommarfuglane i magen, før dei skulle framføra programmet for foreldra. Det vart ein flott fest med flinke born, stolte foreldre og Dino lærarar. Alle borna fekk utdelt kvar sin diplom for deltakelse på Dinoskulen dette året.
Etter framføringa vart det servering av hot dog, Dina kake, frukt og cookies, og born og foreldre kosa seg med hyggelig samvær.


Vi har denne veka starta opp med eit belønningssystem på avdelinga.Vi har saman med borna laga nokre regler for korleis vi vil ha det rundt bordet ved måltid, og ved å følge reglane kan bordet som ei gruppe oppnå eit klistremerke kvar dag. Ved 5 oppnådde klistremerker, kan gruppa velge mellom 2 premiar. Dette har fungert veldig bra, og det har blitt roligare og koseligare rundt borda ved måltida. Dette vil vi jobbe vidare med og lage nye reglar i tilknytning til ulike rutinesituasjonar på avelingen i vekene framover.



Husk at barnehagen er stengd på mandag, 2.pinsedag!

Vi ynskjer alle ei fin og koselig pinsehelg :-)


Flåklypadamene og Kim Andre







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar