fredag 13. november 2015

Veke 46

Hei alle saman!

Då er det fredag igjen, og helga står for tur. Veka har vore prega av mykje vått og kaldt ver, med plasking i dammar og ganske våte born når vi går inn. 

Elles er vi så smått byrja å planlegge jula. Kva vi skal lage i julegåve og kva vi skal gjere i adventstida som nærmar seg brått. Det er ei kjekk og fin tid vi går i møte.

Minner om at vi treng store syltetøyglas til juleforberedingane våre!



På Dinoskulen held dei framleis på med kapittelet om følelsar, og dei har hatt besøk av både Dina, Willy og Mari som har fortald om når dei var lei seg, ivrig, einsam og frustrert. Dina opplevde å mista vinga si, då vart ho kjempe frustrert, og det hjalp veldig at alle borna ville hjelpe til med å finna den.
Dei har klippa ut bilete av andlet med ulike følelsar frå vekeblad og limt på ein plakat. Dei har og brukt Willy papirdokke. Medan dei høyrde ei forteljing om Willy sine følelsar, samstundes skulle lime dei på andletet hans.


Denne månaden er det fagområde "Kunst, Kultur og Kreativitet" som står i fokus, og vi har snakka om det i samling, at kunst kan vere eit bilete, noko vi klipper og limer saman eller noko vi målar. Kunst kan også lagast av både vaksne og born. Vi har sett bilete av kjende kunstverk, "Pikene på broen," og kjende skulpturar frå Nordkapp.

Vi lærar stadig nye teikn, månadens teikn er Glad/blid, Trist/sørgeleg og Sint.


Torsdag trossa vi veret og gjekk ein liten tur til Gapahuken langs Kyrkjevegen. Vi leika og kosa oss, og til lunsj åt vi brødskjever og drakk varm kakao. Etterpå jogga vi tilbake til barnehagen, og skunda oss inn i varmen. Det var ekstra godt å kome inn etter ein skikkeleg kald og våt tur.


Fredag hadde vi bursdagssamling for Celine, som blir 5 år laurdag 13. november. 
HURRA for Celine!


Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene :-)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar