fredag 20. november 2015

Veke 47

Hei alle saman!

Det nærmar seg helg igjen, og no er vi i full gang med juleforberedelsar her på Flåklypa.

Vi starta veka med bursdagsamling for Lukas, som vart 4 år, søndag 14. november.
HURRA for Lukas!


Dinogjengen har denne veka snakka om at følelsar kan endre seg. Dersom ein ikkje meistrar noko første gongen, kan ein verte frustrert og freista til å gje opp, men dersom ein prøvar igjen, eller spør om litt hjelp, kan ein få det til allikavel. Det kjennes godt å få frustrasjon til å endre seg til meistringsfølelse og stolthet.

Borna har og hatt ein aktivitet der dei skulle trille ei klinkekule oppi ei skoeske med eit lite hol i botnen. Det var ikkje lett å få klinkekula nedi på første førsøk, men med litt tålmodighet og pågangsmot klarde dei det til slutt.

Alle fekk også halde ein engel i handa, medan dei skulle seie noko fint om seg sjølv og den som sat ved sidan av seg.



På turdagen denne veka hadde vi bestemt oss for å finne "Turboplassen", ein leikeplass som Barnas Turlag i Fjell har laga i skogen langs Kyrkjevegen. Vi leita først på feil plass og valde å gå vidare over "Gråsteinsbrua" for å leite vidare. Vi enda opp med å gå heilt til toppen av bakken, der vi kunne skimte Hjelteryggen i det fjerne. Der sat vi oss ned ved eit steinbord og benkar for å ete lunsj i det nydelige veret.
På veg tilbake såg borna nokre oransje refleksar lyse i skogen langs vegen, og ein vaksen gjekk for å undersøke nærare kva desse spora førte til, og der, godt gøymd inni skogen, fann vi jammen brått "Turboplassen."
Vi bestemde oss for at neste dag skulle vi gå tilbake med alle borna å leike der.
Vi hadde det kjempegøy med taudisse, balanserte på tau og klatra i trær, før vi skunda oss tilbake til lunsj, som var deilige kjøttkaker med poteter, saus og grønsaker til.



På gruppedagen baka alle kvar sitt pepperkakehjarte til adventssamlinga vår og etterpå laga vi julegåver til dykk i heimen. Det er jo sjølvsagt hemmeleg kva det er...tjihi!


Elles vil vi ynskje alle ei fin og solrik helg.


Flåklypadamene :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar