fredag 30. oktober 2015

Veke 44

Hei alle saman!

Helga står for døra, og vi har hatt ei kjekk veke med siste forberedingar til FORUT basaren vår, som gjekk av stabelen igår. Vi har øvd på songar, baka ostehorn, pynta avdelingen og hatt samlingar om Nepal. For er det noko vi har gleda oss veldig til denne veka, så er det til å få besøk av foreldre, søsken og besteforeldre for å vise fram det flotte arbeidet vi har holdt på med i heile oktober.


Dinoskulen har denne veka starta på nytt kapittel, Triceratops, som handlar om følelsar. Dei har snakka om å vere anspent/sint og avslappa/glad og korleis det kjennes i kroppen når vi har desse følelsane. Dei har brukt speil, for å sjå korleis ein ser ut i andletet når vi er glade og når vi er sinte. Dette kapittelet skal dei halde fram med til jul.




Den store hendinga denne veka var nok FORUT basaren. Mange foreldre kom og venta spent på kva som skulle føregå på scena. Alle dei flinke borna i barnehagen vår stod stolte og song "Morgendagens søsken", "Namaste" som tyder "Hei på deg!" og tilslutt "5 små apekatter" til alle dei frammøtte. Etter konserten var det mingling rundt i barnehagen der det kunne kjøpast lodd, nybaka ostehorn/pizzahorn og boller, mange deilige kaker og kaffe og saft. Dagen vart avslutta med trekning av loddbøker på fellesrommet, til stor glede for både små og store. 

Vi vil gjerne takke alle foreldre og besteforeldre for flotte bidrag til både gevinstar, kaker og ikkje minst for frammøte. Det var veldig kjekt at dei fleste kunne komme.



Fredag formiddag samla alle Dinoborna, Monika og Siren seg på fellesrommet for å telje opp pengane frå basaren. Alle fekk først kjenne kor tung kofferten med pengane var, og dei kom med forslag til kor tung den var. Nokon tippa 1 kg og andre 60 kg. Etterpå vegde vi kofferten og den var 3 kg. Ved hjelp av ei kuleramme, der kvar kule tilsvara kr 100,- talde vi opp pengane. Vi kom til den fantastiske sum på, kr 10. 041,-, noko som er eit imponerande resultat. Monika har levert beløpet inn i banken, og pengane er no på veg til Nepal. 

No er eit flott og lærerikt prosjekt over for denne gong, og vi håpar borna i Nepal får god nytte av vårt bidrag. 

Ellers vil vi berre nemne at barnehagen har bursdag i morgen, 31. Oktober. Då blir vi 9 år. 
HURRA for Leirstaden Barnehage, "Saman er vi best!"

Vi minner om at neste fredag, 6. November, er det planleggingsdag, og barnehagen er då stengd!

Vi ynskjer alle ei fin helg!

1 kommentar: