fredag 4. desember 2015

Veke 49

Hei igjen alle saman!

Jula nærmar seg med stormsteg, og vi på Flåklypa er i full gang med julegaver og anna adventskos. Vi har pynta på avdelinga med stjerner og lys, og har laga grupperommet om til eit koselig adventssamlingsrom no i førjulstida. Vi har samling kl. 9:30 kvar dag, då les vi ei lita juleforteljing, vi tenner lys i adventstaken, vi trekker peparkakehjarte og vi syng julesongar. 


I forrige veke var vi invitert til musikksamling på biblioteket, der møtte vi mange spennande personar som vi song saman med, og nokon vaksne spelte piano og gitar. Vi hadde med oss rytmeinstrument og fekk vere med å lage musikk. Før samlinga var ferdig kom sjølvaste julenissen på besøk, og han hadde med seg peparkaker til alle. Kjempegodt!
Vi koste oss med god lunsj; polarbrød, saft, mariekjeks og mandariner, før vi gjekk tilbake til barnehagen.


På Dinoskulen dei to siste vekene har borna snakka vidare rundt dette med at følelsar kan endre seg. Det at ein frustrert følelse kan endre seg til ein god meistringsfølelse, men og at ein må øve seg på å takle eit nederlag. Dette har dei øva på ved å spele bingo, der ein ikkje alltid kan vinne. Ein annan følelse dei har kjend litt på er det å ha ein litt spesiell følelse i kroppen,
ein stolt følelse. Det kan vere når ein er kledd i bursdagsskappe og har på seg bursdagskrone på bursdagen sin, det kan og vere dersom nokon seier noko fint til andre, slik dei øvar på ved hjelp av komplimentsirkelen.


På tirsdag var vi invitert til Dagavdelinga ved Fjell Sjukeheim, der det skulle vere offisiell åpning av peparkakebyen deira, som vi og nokre andre barnehagar hadde blitt spurd om å bidra til. Flåklypa sitt bidrag var Lavvoen med tilbehør, den er vi alle veldig stolte av. Det var ei flott tilsteljing, med klipping av raud snor og utdeling av peparkaker og saft til borna. Det vart ei koselig stund som både dei gamle og unge sette pris på.
Etterpå sat vi oss ned utanfor på benkar, og åt lunsj, før vi returnerte til barnehagen.


Vi ynskjer alle ei fortsatt fin førjulstid.


 God helg frå Flåklypadamene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar