tirsdag 22. desember 2015

Veke 52

Hei alle saman!

Det er berre 2 dagar att til julafta, og her på Flåklypa har vi denne veka rolege dagar med førjulskos.
Vi lyttar til flott julemusikk, pyntar med lyslykter på avdelingen og samlar alle rundt langbord til måltida.
 
Vi har i heile desember hatt adventsamlingar, der vi les ei juleforteljing, tenner adventslys, trekkjer peparkakehjarte, syng julesongar og visar fram dei flotte julekorta vi har fått.


Takk for alle dei flotte julekorta vi har fått.



I begynnelsen av desember fekk vi besøk av ei artig dame, Ulla Krulla, som holdt ei teaterframvising for oss på fellesrommet. Ho var veldig flink til å strikke, og ho strikka gåver for julenissen. Veldig morsom forestilling for både små og store!


Vi har også feira Lucia, då gjekk alle borna i Luciatog gjennom avdelingane i barnehagen, og enda opp på scena på fellesrommet. Der song vi julesongar for alle dei frammøtte foreldra, før vi gjekk avdelingsvis og fekk servert lussekatter, saft og kaffi.
 
Seinare same dag var vi invitert til julegudsteneste i Foldnes Kyrkje. Der song vi mange fine julesongar, høyrde forteljinga om då Jesusbarnet vart fødd, og vi framførte Luciasongen vår med teikn. Etterpå fekk vi peparkaker og saft i kyrkjelydsalen.

Vi har og hatt nissefest her i barnehagen. Alle små og store samla seg på fellesrommet, der dramatiserte nokre av dei vaksne forteljinga om "Skinnvotten". Etter det var det gang rundt juletre, og sjølvsagt kom Julenissen på besøk med gåver til alle avdelingane. Til lunsj fekk vi nissegraut og i ei av skålene gøymde det seg ein mandel. Den som fekk mandelen, fekk knuse peparkakehuset, som var premien, og alle borna sette seg deretter i ring på golvet og fekk smake. Kjempeglade born!





Vi har hatt bursdagsamling for Mio som vert 5 år tirsdag 22. desember.
HURRA for Mio!

Dinoskulen har tatt juleferie, og er klar til oppstart att mandag, 4. januar 2016. 


Vi vil benytte anledninga til å takke for eit fint 2015
og ynskjer alle ei riktig
God Jul
 og
dei beste ynskjer for 2016




Juleklem frå Flåklypadamene


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar