fredag 8. januar 2016

Veke 1

Hei alle saman!

Vi ynskjer alle små og store eit riktig Godt Nyttår, så langt har det nye året vore fantastisk, med nydelig sol og frisk og kald vinterluft. Vi har starta året i et roleg tempo, med ein del frileik inne og ein del uteleik på haugen. Vi har vore på tur og det har vore Dinoskule, vi har hatt samlingar og
i neste veke startar vi opp med gruppedag.


Vi starta veka med bursdagssamling for Levi, han vart 5 år den 3. januar.
HURRA for Levi!


På Dinoskulen har dei starta på nytt kapittel; Problemløysing. Korleis kan ein vite at ein har eit problem, det kan t.d. vere ein konflikt, ein uenighet eller når vi ikkje får til noko. Kva følelsar kjenner vi på når vi har eit problem? Korleis vi kan løyse eit problem? Er det ei god eller dårleg løysing? Har vi fleire løysinger? Alt dette skal dei snakka mykje om framover, og dei vil kome til å lære seg ulike strategiar på konfliktløysing.


Kva er problemet?
Finne ei løysing?
Har vi fleire løysinger?





Fagområde vi har fokus på denne månaden, er "antal, rom og form". Vi har i samlingane lært begrepa kvadrat, rektangel og sirkel. Vi har og snakka om at ein sirkel og kan vere ein runding, eit hjul eller ein ball. Vi har lært begrepa over, under, opp, ned, inni o.l. Vi har hengt opp fuglemat til fuglane og snakka om at dei flyr ned til varmare strøk om vinteren og at dei flyr oppe i lufta. Vi har og sunge månadens sang med teikn som er "tre små fisk" og snakka om at fisk lever nedi sjøen, men at fuglar og kan opphalde seg i sjøen, men at dei flyt oppå vatnet.






Den fyrste turen i det nye året gjekk til "Turboplassen" langs Kyrkjevegen. Der balanserte vi på tau, vi dissa, og vi klatra i trer. Sidan mange trer skugga for sola, valde vi å gå opp til gapahuken og ete lunsj i solskinet. Vi hadde med oss brødskiver og deilig kakao og varme oss på. Då vi kom attende til barnehagen, leika vi på haugen ei stund, før vi gjekk inn til fruktmåltidet.




Vi fekk auge på dette fuglereiret oppe i eit tre på Turboplassen.


Ha ei fin helg!


Flåklypadamene :-)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar