fredag 29. april 2016

Veke 17

Heisann alle saman!


Det er fredag, helga står for tur og denne veka har flydd forbi på Flåklypa. Vi har hatt eit travelt og kjekt program, både med tur til Sotra Kino i anledning "Gullongane Barnehagefestival", dinoskule, bakedag,  russedåp for dinoborna og avslutning for Katrine.


Tysdag var endeleg dagen komen då vi skulle på kino og sjå "Alvin og gjengen i farta". Dette hadde vi gleda oss til i lang tid, og dagen stod til alle forventningar. Vi traska bort i flott solskin, møtte på mykje spennande undervegs og vart møtt på kinoen av kjekke vaksne som viste oss opp til eit fantastisk leikerom med hoppeslott, syklar og gøy musikk. Etter ei stund var det tid for å sjå film, og vi samla oss i kinosalen. Filmen var kjempegøy og morsom og alle sat fint frå start til slutt. Etter filmen var slutt sat vi oss ned ved eit langbord i øvste etasje for å ete lunsj. Vi hadde med oss smurte brødskiver i sekken og fekk saft og juice i kjekke beger av kinosjefen. Til dessert fekk vi skillingsbolle, det smaka veldig godt. Fornøgde og mette i magen gjekk vi attende til barnehagen, der leika vi ute i det flotte veret resten av dagen.








Onsdag hadde vi bakedag. Alle borna fekk baka sitt ostehorn saman med Maren, som dei skulle få ete til lunsj. Det var ivrige born som synes det var kjekt å bake sin eigen lunsj. Bra jobba!



På dinoskulen held dei framleis på å øva på gode manerer. Dei lærer seg å spørje fint og seie fine ting til andre ved hjelp av komplimentsirkelen. Dei øver på å seie takk når ein får låne noko av andre, men og å takle å få eit nei til svar. 






Torsdag var siste dagen Katrine var saman med oss på Flåklypa. Ho hadde tatt med seg utstyr som vi eksperimenterte med på haugen, blant anna blåste vi såpebobler. Det var kjempegøy, og alle blåste store bobler som for til værs.



Til lunsj åt vi skiver og drakk saft med sugerør. Etter lunsjen starta isfesten! Vi koste oss med deilig vanilje is med nonstop og sjokoladesaus på som Katrine hadde kjøpt til oss. Vi hadde ei kjekk stund saman, vi prata, lo, åt is og dela ut gåver. Katrine hadde kjøpt eit togbane sett til alle borna på Flåklypa, supergøy med nye tog!
Vi takkar for det fine samarbeidet med Katrine, vi vil kome til å sakne henne veldig mykje, og ynskjer henne lukka til i sin nye jobb!


Fredag var det tid for russedåp. Vi samla dinoborna på fellesrommet og hadde ei offisiell russedøyping. Alle fekk russehua si og vil framover jobba med å få russeknutar i hatten. Spennande!




Vi ynskjer alle ei riktig fin helg!


Flåklypadamene :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar