fredag 15. april 2016

Veke 15

Hei og hå!

Då er nok ein gong fredagen her, og helga står for tur. Ei litt kortere veke, men allikevel fyllt med mykje kjekk leik, inne og ute.

Tysdag varma sola flott, og vi tilbragte heile dagen utandørs. Vi hadde ostesmørbrød til lunsj, som vi åt ute på benken. Både små og store kosa seg på denne fine vårdagen.

Sidan planleggingsdagen falt på måndag, hadde dinogjengen skule onsdag og torsdag denne veka.
Dei har starta på nytt kapittel, det siste kapittelet for året, som handlar om høflighet og gode manerer. Dette har dei øva på ved å ta kvarandre i handa når dei presenterer seg sjølve, og ved å vise venlege auge og andlet, og ha ein venleg stemme i møte med nye mennesker. Slik høfleg opptreden vil gjere det lettare å skape nye venskap. Dette er veldig viktig med tanke på at dei snart skal byrje på skulen, der dei vil møte mange nye mennesker.
Vidare har dei snakka om korleis ein kan stille spørsmål når ein møter nye mennesker, slik at ein kan bli godt kjend med kvarandre. Borna kom med forslag til spørsmål, og dei fekk møte Pelle, ein ny karakter på Dinoskulen, som dei fekk øva på, for å bli kjend med han.




Dei øvrige borna gjekk på tur rundt i nærmiljøet på torsdag, saman med Tryllefløyten. På vegen oppdaga vi ein ny leikeplass med eit nytt og interessant klatrestativ, som vi garantert kjem til å besøke ved ein seinare anledning. Vi møtte også på to søte ender som slo følge med oss store delar av turen. Dette synes borna var kjempemorsomt og spennande.
Vi returnerte til barnehagen for å ete lunsj, og så var det ut att for å leike.


Vi vil også ynskje Maren velkomen til oss. Ho har vore saman med oss i to veker allereie, og skal halde fram på Flåklypa til hausten. Ho er 25 år, 2. års lærling i Barne- og Ungdomsarbeiderfaget, og ei blid og flink jente som vi er glade for å ha med oss på avdelingen.

Vi ynskjer alle ei riktig god helg!


Flåklypa damene :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar