fredag 22. april 2016

Veke 16

Hei og hå!

Fredag og helg, veka har flydd som vanleg og vi har hatt ei fin veke, dagar med sol der vi har leika ute store delar av dagen, og regnversdagar der vi har lufta oss ute ei lita stund og elles hatt aktivitetar inne på avdelingen.
Vi har hatt musikksamling, teikna med kritt på asfalten, leika "Haien kommer", leika på haugen og vore på tur.


Dei har jobba vidare med tema "Høflighet og venlegheit" på Dinoskulen denne veka. Dei har hatt fokus på å skilje mellom det å få ein beskjed om noko og å kome med forslag til noko. Dei har snakka om at når ein får ein beskjed, så er det noko vi skal gjennomføre; "Vi skal... , medan når nokon kjem med eit forslag til noko, er det meir spørjande; "Kan vi...." Det er og viktig at alle får vere med å bestemme, at vi tenker på korleis vi kan samarbeide om ting, det handlar og om måten vi snakkar til kvarandre på, og at vi viser venlegheit mot kvarandre når vi leikar saman.
Alle borna skulle samarbeide om å byggje eit hus av legoklossar, der alle fekk kome med idear om korleis dei saman kunne byggje huset.


Sidan sola kom fram på onsdag, valde vi å gå bort på asfaltvegen ved parkeringen til barnehagen og teikne med kritt. Borna teikna ivrig flotte bilete i alle mulige fargar. Etterpå leika vi "Haien kommer" før vi gjekk attende til barnehagen. Dinoborna kom ut då dei var ferdig med skuleaktiviteten, og vi samla gjengen på benken og kosa oss med havregraut ute i det fri.



Turen gjekk denne gongen til leikeplassen i Grunnavågen. Der var det lenge sidan vi hadde vore og fleire av borna hadde eit ynskje om å leike der. Der kosa dei seg på dissene, i rutsjebana og i "Røvarhuset" som borna kallar leikehuset for. Vi hadde ferdigsmurte skiver og kakao med oss i sekken, noko som alltid er godt å ha med på tur.
 

Minnar om brukarundersøkinga som er ute no, hugs å signere på lista som heng i garderoben når du har svara, fristen er 1. mai. Du er då med i trekninga om ein gratis barnehage månad. Den avdelinga som får flest svar vil også vinne eit brettspel til borna. Så stå på!!!

Vi ynskjer alle ei fin helg!

Flåklypadamene :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar