fredag 16. september 2016

Veke 37

Hei alle saman!


God fredag, det nærmar seg helg, og vi har som vanleg hatt ei innhaldsrik og fin veke på Flåklypa, med daglege samlingar, grupper, tur og mykje uteleik i det fantastiske haustveret.

På gruppedagen denne gongen valde vi å ha alle borna med inn på fellesrommet og prøve ut ein ny aktivitet, å gjere bevegelser til klassisk musikk. Vi lytta til musikken og prøvde å tolka bevegelsane utifrå det vi høyrde, t.d. mørke lydar vart ein elefant som traska rundt, og når musikken vart roleg så lista vi oss stille på tå. Det var ein kjekk aktivitet, vi vart god og varm, og etterpå gjekk vi ut for å lufte oss og ete lunsj. 

På turdagen gjekk vi ned til fjøra på Foldnes, der vassa vi uti sjøen, samla mange flotte skjell, såg fiskar symje rundt beina våre og nokre valde å gå litt lenger uti og enda opp med å ta seg ein dukkert, rett og slett. Vatnet var litt kaldt med det same, men dei fleste var uti ein tur. Vi hadde med oss litt bøtter til å samle skjella oppi, og ein hov som vi prøvde å fange fisk med.
Inger Ann varma fiskekaker til oss på stormkjøkkenet, og vi åt lunsj nedi vannkanten før vi gjekk attende til barnehagen. Der kosa vi oss ute i finveret resten av dagen.




Minner om at på mandag starter Dinoskulen og Dinogruppene. Dette gler vi oss mykje til, vi har hatt nedteljing dei siste vekene, og no er dagen endeleg nær.

Vi takkar for veka som er gått og ynskjer alle ei god og solrik helg, håpar vi! ;-)


Flåklypadamene og Simen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar