fredag 7. april 2017

Veke 14

Ei ny veke er over, og vi nærmar oss Påskehøgtida. Vi har jobba ivrig med å gjere ferdig vår lille påskegave til heimen 🐣🐣


Vi har vert på påskesamling på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Soria Moria, der Siw fortalte historien om kaninen Hoppetass som ønska å hjelpe Påskeharen med å dele ut påskeegg. Etter samlinga la vi ut ei skål med gulerøtter her i barnehagen, og jammen hadde Påskeharen vert på besøk medan vi åt lunsj på avdelingane. Då vi gjekk ut for å sjå om gulerøttene var borte, låg det istaden eit fint påskeegg oppi skåla, med sjokolade til alle borna. 



På Dinoskulen har dei starta på eit nytt kapittel, Brackosaurus, der dei øver på korleis dei skal presentere seg sjølve.



Torsdag var vi inviterte til påskevandring i Foldnes Kyrkje, der vi fekk vere med på ei reise i påskeevangeliet. Vi samla oss i kyrkjelydsalen etterpå, der vi fekk servert frukt og påskesaft.




Fredag hadde vi "gul lunsj" på avdelinga, vi dekka langbord og dekorerte med fin påskepynt og god mat. Etter lunsj hadde vi ein påskeaktivitet, nærare bestemt eit "påskemysterium". Vi oppdaga spor etter Påskeharen på avdelinga vår, halvspiste gulrøtter overalt...hmmm...det synes borna var veldig merkelig! Dette måtte vi undersøkje nærare..... og korleis det gjekk tilslutt, kan du spørje borna om😉




Vi ynskjer alle ei riktig fin Påskehøgtid, med mykje leik, glede og humor 😎🐥

Flåklypadamene 😀😀

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar