fredag 28. april 2017

Veke 17

Ei ny veke er forbi, og vi har vert mykje ute denne veka i sol og fint vêr. Vi har leika på haugen, hatt utesamling, teikna med kritt, sparka fotball og vert på tur. 






Turen denne gongen gjekk til leikeplassen med fotballbane. Der sparka vi fotball, leika bomgjømsel, "alle mine griser kom hjem" og nokre valgte å balansere på gjerdet eller disse. Til lunsj åt vi polarbrød og i koppen drakk vi mjølk.





Fredag var det tid for Russedåp på fellesrommet. Endelig er dagen komt! Dinobarna skal bli rosaruss 😃 Det blir ei spennande tid framover med russekort og russeknuter.




På Dinoskulen har dei denne veka jobba videre med venskapstema. Dei har gitt kvarandre fine kompliment, i komplimentsirkelen. Barnet som gir komplimenter held ein engel i handa, og gir den vidare etterpå. Dei har og hjelpt Mari med å bygge eit slott. Alle har fått kome med forslag til korleis slottet skulle byggast. Tilslutt har dei øva på å spørje og svare på venskaps spørsmål.



På måndag er det 1.mai, barnehagen er då stengd.

Vi ynskjer alle ei riktig fin og solfylt langhelg! ☀️☀️☀️☀️

Flåklypadamene 😃

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar